Evje Nikkelverk IS

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Interessentskapet Evje Nikkelverk var eit selskap skipa i 1872 av infanterikaptein (seinare oberst) Fridtjof A. Henriksen, systera Thora Lagertha Roscher (som nyleg hadde blitt enke etter bergmeister Adolf Roscher) og dr. Henrik Arnold Thaulow. Aksjekapitalen var på 120.000 kroner, fordelt på 300 aksjer kvar pålydande 400 kroner. I 1874 kjøpte Henriksen ut Roscher. I 1894 døydde Thaulow. Henriksen kjøpte også aksjane hans, og vart eineeigar av selskapet.

Evje Nikkelverk IS var selskapet som i 1872 starta opp gruvedrifta etter nikkel i Flåt gruve i Mykleåsen i Flatebygd i dåverande Evje kommune. Året etter, i 1873, fekk selskapet løyve til bygging av smeltehytte i Evje sokn. Smeltehytta blei bygd og sett i drift same året i Fossvik på austsida av Fennefossen. Hytta vart Evje nikkelverk.

Det var for lite pengar i Evje Nikkelverk IS til nye store investeringar, og selskapet trong frisk kapital for å kome seg vidare. Mot slutten av 1908 blei selskapet reorganisert. Eit nytt, verkeleg aksjeselskap med meir kapital bak seg blei skipa og overtok drifta. Også dette bar navnet Evje Nikkelverk. Admiral Jacob Børresen og Sam Eyde var sentrale aksjonærar og tok leiinga. Ny kapital blei tilført, for å modernisere anlegga og auke drifta.[1]

Drifta ved Flåt gruve stansa opp i 1920. Fem år seinare blei Evje Nikkelverk slått konkurs. Gruvedrifta på Evje kom i gang igjen i 1927. Men då var det ikke lenger Evje Nikkelverk, men eit nytt selskap, Raffineringsverket AS, som overtok gruveanlegget og smelteverket og dreiv dette vidare til gruvedrifta stogga for godt i 1946.

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 169