Fridtjof A. Henriksen
Fridtjof A. Henriksen | ||
---|---|---|
![]() | ||
Fridtjof A. Henriksen. Foto: Evje og Hornnes kommune/kommunearkiv
| ||
Født: | 13. august 1831 | |
Død: | 11. juni 1911 (79 år) |
Fridtjof Alfred Henriksen (fødd 13. august 1831 i Kristiania, død 11. juni 1911 i Kristiansand) var infanterikaptein og seinare oberst i Forsvaret og industrimann.
Henriksen blei offiser i 1852. Han gjorde i ei rekke år teneste i Norges Geografiske Oppmåling og i Vegvesenet, ved sida av teneste i infanteriet. Han steig i gradene frå kaptein i 1863 til oberst frå 1891. I 1898 tok han avskil frå Forsvaret.
Den militære karriera skal ha ført han til Kristiansand. Her var han medlem av bystyret og formannskapet, av kommunikasjonskomitè, jernbanekomitè og Gassverket i byen. Han la også ned eit stort arbeid i Kristiansand Byselskap. Han sat i styret for selskapet som frå 1867 trafikkerte dampbåtane Bjoren og Dølen på Kilefjorden og Byglandsfjorden. Frå 1880 var han med i ein komitè som arbeidde for jernbane mellom Kristiansand og Setesdal.I 1876 var han med på opprettinga av Christiansand Arbeiderforenings Spareskillingsbank, og han var ein av innbydarane då Søndenfjeldske Privatbank blei oppretta i 1889.
I 1872 kjøpte Henriksen alle rettane til Setesdalens Kobberverk, herunder rett til gruvedrift i Flåt mark, av F.F.A. Leopold Seippel for 300 spesidalar. Han kjøpte også opp området Fossvik og austsida av Fennefossen med store fossefall, bygdas første butikk og dobbel kornmølle av Jens Nottoson Bjorå for 5 000 spesidalar. Saman med H. A. Thaulow og syster si Thora Roscher danna han Interessentskapet Evje Nikkelverk, og sette i gang med gruvedrift i Flåt nikkelgruve. Då hadde det først vore prøvedrift fleire stader i Evje og Iveland i åra 1869-1872. I 1873 sikra selskapet seg konsesjon for bygging av smeltehytte i Evje sokn. Smeltehytta blei bygd og sett i drift same året i Fossvik.
Fridtjof Henriksen døydde i 1911. Men han var altså mannen som sette i gang den gruvedrifta som skulle vare heilt fram til 1946, og som var som eit hjarte i det lokale bygdesamfunnet i denne tida. Sigmund Monen, som har studert gruvehistoria i Evje grundigare enn nokon annan, skriv dette om kva Henriksen hadde å seie for Evje-bygda:
«For eiga rekning kan me gjerne legge til at oberst Fridtjof A. Henriksen er den mannen som reint fysisk har hatt mest å seie for evjebygda. Han var både initiativtakar og pådrivar for nikkelindustrien her, og han la grunnlaget for mykje av det som skulle kome av forandringar med dei andre selskapa seinare.»[1]
Heider
- Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk industri
- Sverdordenen som forteneste for årelang innsats for Forsvaret
Kjelder
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, hefte utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2000, side 4-10
- Sigmund Monen,Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, bok I, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 95-96 og side 125-131
Referansar
- ↑ Sigmund Monen,Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, bok I, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 126, 2. spalte