H. H. Vivian & Co
H. H. Vivian & Co Ltd. var eit britisk gruveselskap som leigde og dreiv Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk av Evje Nikkelverk IS i åra 1884–1894. Selskapet hadde namn etter eigaren, Henry Hussey Vivian, ein britisk industrimann og politikar som seinare blei heidra som Lord Swansea. På Evje er Hussey Vivians veg på Verksmoen oppkalt etter denne mannen.
På den tida H. H. Vivien leigde gruva, produserte selskapet ulike ferdigprodukt av blandingsproduktet koparnikkel i sine eigne fabrikkar. Dei trong koparnikkel frå Evje som råstoff i denne produksjonen. Det var ein monaleg auke i produksjonen i desse åra, frå 1 000–2 000 tonn årleg til opp mellom 4 000–9 000 tonn. Råstoffet blei etter kvart smelta ned til 112 tonn nikkelmatte. Totalt blei det teke ut 80 000 tonn fjell under denne perioden, og gruva blei driven ned til 80–90 meters djup. Skråsjakta var blitt 150 meter lang.
I 1894 kjøpte H. H. Vivien seg inn i kanadiske nikkelgruver, og sa opp leigekontrakta med Evje Nikkelverk IS.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 139–144
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, bind II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 50–51