Evje nikkelverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Evje nikkelverk var eit smelteverk på Verksmoen (Listeinsmoen) i Evje for nikkelmalm frå Flåt gruve i Mykleåsen i Flatebygd. Verket var med eit par avbrekk i drift frå 1873 til 1946.

I dag (2016) har Agder Energi Vannkraft AS fått konsesjon for utbygging av Fennefoss kraftverk i det same området som det gamle smelteverket låg.

Eigarforhold[rediger]

Første eigar var Evje Nikkelverk IS. I juni 1873 fekk selskapet kongeleg konsesjon til bygging av ei smeltehytte i Evje sokn. Då stod alt smeltehytta klar til å smelte den første malmen, i Fossvik på austsida av Fennefossen i dåverande Evje kommune. I 1909 blei det gamle Interessentselskapet omdanna til eit nytt aksjeselskap, Evje Nikkelverk (AS), som stod for drifta vidare. Dette selskapet gjekk konkurs i 1925. Under den tredje og siste driftsperioden, frå 1927 til 1946, var det eit heilt nytt selskap, Raffineringsverket AS, som var ansvarleg for drifta.

Kjelder[rediger]