Koparhola
Koparhola var ei gamal gruve i Mykleåsen i Flatebygd i Evje, der det seinare blei stordrift etter nikkel i Flåt nikkelgruve.
Ein veit ikkje sikkert når det først vart drive etter kopar i Koparhola. Men i 1830 blei eit mindre parti med koparmalm som var blitt liggande igjen ved gruva, sendt til prøvesmelting i Froland. Historia til Koparhola må såleis gå mykje lenger attende enn 1830. Den lokale gruvekjennaren Sigmund Monen spekulerer på om det kan ha vore Peder Lind som starta opp gruvedrift i Koparhola rundt 1680, om lag på same tid som han dreiv etter kopar i Straumsheia i Valle. Men Monen understrekar at ein ikkje har noko prov på kven som dreiv først i Koparhola, eller når den første drifta skjedde.
Då gruvedrifta i Straumsheiene var på det mest aktive, i perioden med Det Sæthersdalske Kobberværk på Åraksbø rundt 1845–1850, henta dei også malm til smeltehytta frå Koparhola i Evje. Truleg dreiv Setesdalens Kobberverk ned til ca. 35 meters djup i gruva på Flåt då. Men då drifta i Åraksbø stoppa rundt 1850, blei det også slutt på drifta i Koparhola. Mykje koparmalm blei bare liggande på Flåt, og kom aldri opp til Åraksbø. Gruva blei no liggande i fred heilt fram til det blei starta opp med prøvedrift etter nikkel der i 1869.
Kjelder
- Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 53 og 62
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, side 43–44