Det Sæthersdalske Kobberværk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Det Sætherdalske Kobberværk var eit hektisk, men kort industriprosjekt med gruvedrift etter kobber ved Straumsfjorden og i Valle og smeltehytte for kobbermalmen i Åraksbø. Drifta gjekk i hovudsak føre seg i åra 1845-1850. Bak prosjektet stod den tyske kjøpmannen Gottlob Ferdinand Reinhardt i Kristiansand. Industrieventyret - som for mange bønder i Åraksbø heller førde til tragedie - enda med dundrande konkurs.

Korleis det starta[rediger]

Alt på 1650-talet var det på tale med prøvedrift av kobbergruver i Straumsheia. Om det blei noko av denne prøvedrifta er usikkert. I 1660-1680 prøvde kjøpmann Peder Linde i Kristiansand seg. Men han gav opp prosjektet sitt etter kort tid.[1]

Ein av dei eventyrarane som prøvde seg på koparutvinning i Straumsheia, var Ola Songesand. Han bygde ein smelteovn inne ved Straumsfjorden i 1823, og klarte å utvinne nokre få kilo med kopar. Denne koparen reiste han til Kristiansand for å selje. Han kom der i kontakt med handelshuset Reinhardt og eigaren Gottlob Ferdinand Reinhardt. Reinhardt fekk vite kor koparen kom frå, og sikra seg då rettane til fleire gruver og skjerp inne i Straumsheia.[2]

Fagfolk granska koparførekomstane i Straumsheia i 1825 og 1843. Th. Scheerer, lektor i metallurgi ved Universitetet i Christiania, meinte etter undersøkingane i 1843 at malmen var drivverdig, sjølv om koparinnhaldet var mykje mindre enn ein tidlegare hadde trudd. Særleg malmen i Amalie gruve og Gamle gruve inneheldt mykje feltspat. Denne var lett å smelte, og kunne såleis gje eit godt økonomisk utbytte. Den optimistiske rapporten til Th. Scheerer fekk Reinhardt til å sette i gang med gruvedrift i Straumsheia og smelteverk i Åraksbø.[3]

Avtale med grunneigarane[rediger]

28. november 1844 var det samling mellom 13 grunneigarar i Åraksbø og representantar for det planlagte koparverket.[4] Dei nødvendige avtalar og kontraktar vart underskrevne. Bøndene skulle levere tømmer og materialar til verket, køyre malm og brenne kol.[5] 30. april 1845 fekk konsul Reinhardt kongeleg løyve til drift av koparverket i Åraksbø.

Store anlegg blir bygde opp[rediger]

Inne i Straumsheia, der gruvene var, vart det sett opp hus for gruvearbeidarane. I Åraksbø starta i 1845 eit stort arbeid med å bygge opp smelteverket. Verket skulle ligge nær elva frå Hovatn, der det var god tilgang på fossekraft til både knuseverk og blåsebelgar. Verket hadde kolhus, rostehus, smeltehytte med to masovnar, teglverk og damanlegg.[6] Alt i alt var det over ti store hus som skulle setjast opp.

100 mann i arbeid[rediger]

Under sjølve anleggsperioden kan opp mot 100 mann ha hatt arbeidet sitt ved koparverket. Men ved ei folketeljing i 1846 var det 25-30 personar som var direkte tilknytta verket.[7] [8] Mange bønder i Åraksbø hadde arbeid som malm- og kolkøyrarar.

Hektisk drift - trist slutt[rediger]

Smeltinga starta truleg så smått i 1846 og var på sitt høgaste i 1847-1848. Då byrja problema alt å melde seg, og produksjonen gjekk sterkt attende. Mellom anna var det vanskeleg å få smelta malmen så godt at ikkje for mykje kopar gjekk ut med slagget.[9] Driftskostnadene som den lange transporten av malmen førde med seg, heilt frå Straumsheia ned til Åraksbø (over 25 km), var undervurdert. Skogen i nærleiken av verket blei raskt nedhoggen, og ein måtte lenger avgårde for å brenna kol. Bøndene i Åraksbø hadde ikkje lært seg kolbrenningskunsten, så mykje av kolkvaliteten var dårleg. Det vart mangel på verksarbeidarar og andre fagfolk. Men den viktigaste årsaka til fiaskoen i Åraksbø var truleg «malmens eiendommelige beskaffethet», skriv den lokale gruvekjennaren Sigmund Monen i sitt storverk om gruvedrifta i Setesdal.[10] Frå våren 1847 blei malm frå Flåtgruva på Evje transportert oppover til Åraksbø. Den nikkelhaldige malmen frå Evje blei frå då av blanda saman med malmen frå Bøgruva og gruvene på Straumsheia. Det skal ha vore då dei store smelteproblema begynte.

I 1850 var drifta av gruvene og smelteverket innstilt, og kom aldri i gang igjen. Driftskapitalen var oppbrukt og mange av luteigarane trekte seg ut av selskapet. I 1860 vart Det Sætherdalske Kobberværk slege konkurs.

I ein artikkel om kobberverket i Åraksbø i Jol i Setesdal frå 1998 skriv Bjarne Nordgarden slik om den triste slutten industrieventyret i Åraksbø og Straumsheia fekk:

- I samband med verket kom det mange framande til bygda. Rallarar og anleggssluskar gjorde det utrygt for både kjerringar og ungjenter, bøndene fekk pengar mellom hendene, og mange klara ikkje å styre desse. Ei ny tid hadde kome til bygda. Bøndene hadde vorte malmkøyrarar og kolbrennarar, alkoholen og andre freistingar låg svært nær, og mange spela frå seg både gard og grunn. Då verket nokre år seinare vart nedlagt, måtte mange av gardane på tvangsauksjon, og vi fekk eit eigarskifte i bygda der nye folk overtok.[11]

Det gamle og stødige bygdesamfunnet hadde gått i oppløysing, både utanfrå og innanfrå, økonomisk, kulturelt og moralsk. Nye folk kom til bygda, og det utvikla seg eit blandingsmiljø utan dei gamle og faste normene. Eit eventyr var slutt, der ingen hadde sett noko til korkje prinsessa eller det halve kongeriket som dei hadde fått lovnad på.[12]

Sentrale namn[rediger]

Sigmund Monen meiner Ferdinand Seippel var styrar for både gruvene i Straumsheia og smelteverket i Åraksbø.[13] Monen tykkjest å meine at Seippel var ein slags direktør for heile føretaket. Fleire andre har hevda det same, mellom anna Reidar Bolling i Byglands soge. Men i gards- og ættesoga for Bygland hevdar Reidar Vollen at Seippel var styrar for gruvedrifta i samband med verket, men at han ikkje hadde styring med drifta av sjølve smeltehytta. Det som uansett er klart, er at Seippel var med på møtet med grunneigarane i Åraksbø 28. november 1844. Då møtte han som fullmektig for Reinhardt, saman med skipsmeklar Jens Michael Lund. Lund blei formann i direksjonen for koparverket. Vollen skriv vidare at Ove Gjerløw Meyer Nielsen var styrar for verket i 1846-1847. Etter han kom Tønnes Leire som styrar (1848-1849). Den finske gruvearbeidaren Gustav Rongainen hadde i følge Vollen oppsynet med bygningar og utstyr etter at drifta var innstilt.[14] Monen meiner Ronganen først leia arbeidet ute i gruvene, men at han seinare flytta til Åraksbø og blei oppsynsmann i smeltehytta der. Han skriv vidare at det blei indre strid mellom hyttemeister Ronganen og direktør Seippel. Dei ansvarlege begynte å skulde på kvarandre for den dårlege drifta. Det vart etter kvart eit utriveleg arbeidsmiljø.[15] Kva som faktisk er rett her, må det truleg nærare undersøkingar til for å avklare.

Litteratur[rediger]

Referanser[rediger]

  1. Johan Christian Frøstrup m.fl, Vandringer i Setesdal Austhei 2014, Friluftsforlaget, 2014, side 322
  2. Bjarne Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk - eit 150-års minne, artikkel i Jol i Setesdal, 1998, side 6
  3. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk, side 7
  4. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 62-63
  5. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberverk, side 7
  6. Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, side 323
  7. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberværk, side 8
  8. Frøstrup, Vandringer i Setesdal Austhei, side 323
  9. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 90
  10. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 91
  11. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberværk, side 7
  12. Nordgarden, Det Sætherdalske Kobberværk, side 9
  13. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 94 m.fl.
  14. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 156
  15. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 91