Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Omslaget bok I

Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje er første bok i eit bokverk på i alt tre bind om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal. Forfattar er Sigmund Monen. Jostein Wasbø har vore produsent. Dei mange bileta i boka kjem i hovudsak frå Alf Georg Kjetså si biletsamling. Ivar Haugen har bidrege med internett-søk og innhenting av opplysningar om folketeljingar m.v. Utgjevar er Evje og Hornnes kommune. 586 sider. ISBN 978-82-690462-1-2

Forfattar Sigmund Monen kallar dei tre bøkene ei annleis industrihistorie. Han understrekar at i alle tre bøkene er det i hovudsak industriarbeidarane sjølve som guidar lesaren gjennom dalens gruvehistorie og smelteverksindustri. Framstillinga i bøkene er såleis for ein stor del tufta på opplysningar innsamla gjennom eit intervjuprosjekt Monen gjennomførte 1970-1986 med intervju av mange gruve- og verksarbeidarar om livet i nikkelindustrien på 1900-talet.

Bok I er svært omfattande. Ho kan seiast å vere delt i tre hovudbolkar: Del 1 er stoff om gruvedrift og skjerping etter malmar i Setesdal og kort historikk om gruveselskapa som har drive Flåt Nikkelgruver. Del 2 inneheld arbeidarlister til alle driftsperiodane, 1872-1946. Del 3 kallar forfattaren eit innleiingsbind til eit omfattande intervjuprosjekt om Flåt gruver, Evje Nikkelverk og bygda.

Innhald[rediger]

Sjå også[rediger]

Sigmund med bokverket sitt i Evje og Hornnes Sparebank 4. november 2016.

Kjelder[rediger]

Føreord for heile intervjuprosjektet, boka side 5-14 og innhaldslista