Fossvik

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Fossvik med restar etter nikkelverket. Ein kan undre seg over at dette er det rikaste kulturminneområdet i bygda, med spor etter menneske kanskje 5000 år tilbake i tid.

Fossvik var tidlegare namnet på området på austsida av Fennefossen i Evje, der Evje nikkelverk låg i mange år. Eigedomen «Fossvik» var på omlag 18,8 dekar.[1]

Haugianarane ved Jens Nottoson Bjorå etablerte seg først her, med dobbel kornmølle og bygdas aller første butikk. Fridtjof A. Henriksen kjøpte eigedomen av Bjorå då han ville starte utvinning av nikkel i Evje på byrjinga av 1870-talet.[2]

Etter kvart som åra gjekk blei det vanleg å kalle området rundt nikkelverket for bare «Verket». Seinare blei det til Verksmoen. Namnet Fossvik er kome heilt bort.[3]

Referansar[rediger]

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 147
  2. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 126
  3. Sigmund Monen, Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 487