Birger Thorkildsen
Birger Thorkildsen | ||
---|---|---|
Født: | 23. oktober 1881 | |
Død: | 23. januar 1968 (86 år) |
Gunvald Birger Thorkildsen (fødd 23. oktober 1881 i Kristiansand, død 23. januar 1968 på Vigeland) var maskiningeniør, utdanna ved Trondheim Tekniske Læreanstalt i 1904. I 1906 tok han eksamen som diplomingeniør og diplommarkscheider ved Bergakademiet i Freiberg, Sachsen. Han kom til Evje og blei tilsett som gruveingeniør ved Evje nikkelverk i 1911. Frå 1918 var han også driftsstyrar. Thorkildsen hadde det daglege ansvaret for drifta i Flåt nikkelgruve og nikkelverket til anlegga vart stengde for godt i 1946. Han interesserte seg også mykje for feltspatdrifta i bygda. Han var med og stifta Norsk Feltspat Co på Evje, og var styreleiar der i mange år. Han var også styreleiar i Evje Feltspatmølle frå ho blei bygt ved Evje stasjon i 1924 til ho blei riven i 1944. Thorkildsen var engasjert i lokalpolitikken. Han sat i heradsstyret i Evje i seks år.
Kjelder[rediger]
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgitt av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 82–85. side 181
- Sveaas.net
- Dødsdato hos digitalarkivet.no