Nikkel

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Malmsona i Flåt nikkelgruve.
Foto: Evje og Hornnes kommune, gruvearkivet

Nikkel er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Ni og atomnummer 28.

Nikkel har vore mykje brukt i produksjon av myntar. Under 2. verdskrigen var nikkel eit ettertrakta metall til rustningsindustrien. I dag brukar ein nikkel i hovudsak i mange ulike stållegeringar, som i rustfritt stål og panserstål. Det brukast framleis i myntproduksjon og i smykke. Dei seinare åra har nikkel også vore ein viktig bestanddel i oppladbare batteri til mobiltelefonar.

Under bergkjededanninga, kanskje for rundt 1 000 millionar år sidan, blei det danna ein kvartsfattig bergart som ein mellom anna kan finne ved Flåt i Evje. Denne bergarten inneheld ein svært stor nikkelførekomst, som var bakgrunnen for nikkelbrytinga i Flåt nikkelgruve.

Kjelder[rediger]