Mykleåsen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ein tur i Mykleåsen vert lønna med god utsikt over Evje.

Mykleåsen er eit fjell (512 moh.) i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes kommune. Rundt 1830 prøvde dei først å ta ut koparmalm frå fjellet. I åra 1845-1847, då ei smeltehytte i Åraksbø var i drift, sprengde dei ut koparmalm i Mykleåsen og køyrde han den fem mil lange vegen til Åraksbø for smelting. Holet der malmen var teken ut blei kalla Koparhola.

I 1872 vart selskapet Evje Nikkelverk IS formelt skipa, og same hausten kom gruvedrift - Flåt nikkelgruve - i gong i Mykleåsen. I 62 år, frå 1872 til 1946, skaut dei fjell og tok ut malm i Mykleåsen.

Turløype[rediger]

Det går bilveg frå fylkesvegen forbi Flatebygd fram til Flåt nikkelgruve og Mykleåsen. Det siste stykket er stengd med bom. Rundt Mykleåsen og opp til toppen går det ein fin turveg/tursti. Ein kan starte turen frå gruveområdet eller frå Flatebygd skianlegg. Frå parkeringsplassen ved skianlegget følger ein skiløypa frå skianlegget til Landsverkgarden. Herfrå går det merka løype til toppen. Det er fin sti heile vegen, men bratt einskilde stader. Det er mykje skog, men også åpne områder og glenner med fin utsikt over Evje. Frå skianlegget er det ca 1,8 kilometer å gå til toppen.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...