Flåt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Flåt er ein gard (gnr. 59) i Flatebygd i Evje i Evje og Hornnes kommune. Namnet tyder ei flate i lia. Truleg er dei gardane som har slike naturgjevne namn mellom dei eldste i bygda. Det er også funne gravhaugar på Flåt. Garden er difor truleg frå romersk jernalder, altså dei første hundreåra etter Kristus. Eit gamalt segn om at det skulle bu ein konge på Flåt «- kan me under sterk tvil ta som ein indikasjon på høg alder», heiter det i Kultursoga for Evje og Hornnes.[1]

Garden sin støyl var Flotøygarden på heia mellom Flatebygd og Høvringsvatnet. Etter kvart som garden blei delt i fleire bruk, fekk kvart bruk truleg sin eigen støl i same område. Nordbø og Austerhus er visseleg skild ut frå Flåt.

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]