Gudbrand Henriksen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gudbrand Henriksen
Født: 17. november 1869
Død: 11. september 1919 (49 år)

Gudbrand A. Henriksen (fødd 17. november 1869, død 11. september 1919) var driftsstyrar for Evje Nikkelverk IS 1897-1909 og Evje Nikkelverk (AS) 1909-ca. 1913. Han var son til oberst Fridtjof A. Henriksen, som starta opp gruvedrifta på Evje i 1872. Evje Nikkelverk IS eigde Flåt nikkelgruve og Evje nikkelverk frå oppstarten i 1872 til 1909.

Henriksen var utdanna landbrukskandidat. Frå 1897 styrte han farens eigedomar på Evje. Frå 1899 til 1913 var han ansvarleg for drifta på Evje nikkelverk. Ingeniørarbeidet lot han andre ta seg av. Den viktigaste oppgåva hans dei første åra var å få inn ny kapital i selskapet. Han gjorde mange forretningsreiser til Oslo, og seinare til Tyskland. Mot slutten av 1908 og tidleg i 1909 byrja dette arbeidet å lukkast. To nye storaksjonærar kom inn, Sam Eyde og admiral Jacob Børresen. Eit nytt selskap, Evje Nikkelverk (AS) blei danna i 1909, på tuftene av det gamle. Det nye selskapet fekk raskt bygd Kristiansand Nikkelraffineringsverk i Kolsdalen i Kristiansand, det mange i dag kjenner best som Falconbridge.

Mange i det nye selskapet hadde arbeidsplassen sin i Kristiansand, medan Gudbrand Henriksen tok seg av mange daglege gjeremål på Evje. Men etter kvart blei han skuva ut av selskapet av mektige investorar, og i 1913 slutta han og flytta til Oslo. Her etablerte han seg som bilselgar. Han var likevel med på gruvedrift nord i Setesdal, i Bøgruva i Valle og i molybdengruvene ved Langevatn i Bykle.

Sigmund Monen skriv i det store bokverket sitt om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal, at Henriksen kanskje var litt nasjonalromantisk av seg. Han etablerte eit heilt gardsbruk på Verksmoen, med både hestar, kyr og andre dyr. Han engasjerte seg i lokalpolitikken, og sat fleire periodar i heradstyret i Evje kommune. Han skal ha vore ein sindig kar, som var godt likt i bygda. Han hadde dansk kone, Ida Wilhelmine Caroline Elfrida Overbeck Pedersen. I tida på Evje fekk dei tre born. Det var Adelaide Catharina (Veslemøy) Henriksen, Fridtjof Alfred Henriksen jr. og Arne Henriksen. Dei hadde også to andre born. Det var Gudbrand Henriksen som kjøpte den første bilen på Evje, i 1910, saman med andre leiarar i gruveselskapet.

Kjelder[rediger]