Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie
Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie er andre bok i eit bokverk på i alt tre bind om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal. Forfattar er Sigmund Monen. Jostein Wasbø har vore produsent. Dei mange bileta i boka kjem i hovudsak frå Alf Georg Kjetså si biletsamling. Ivar Haugen har bidrege med internett-søk og innhenting av opplysningar om folketeljingar m.v. Utgjevar er Evje og Hornnes kommune. 554 sider. ISBN 978-82-690462-2-9.
Forfattar Sigmund Monen kallar dei tre bøkene ei annleis industrihistorie. Han understrekar at i alle tre bøkene er det i hovudsak industriarbeidarane sjølve som guidar lesaren gjennom dalens gruvehistorie og smelteverksindustri. Framstillinga i bøkene er såleis for ein stor del tufta på opplysningar innsamla gjennom eit intervjuprosjekt Monen gjennomførte 1970-1986 med intervju av mange gruve- og verksarbeidarar om livet i nikkelindustrien på 1900-talet.
Bok II er arbeidarhistorie basert på intervju med 33 gruvearbeidarar 1970-1986, supplert med arkivstoff. Praktisk talt alle tema omkring drifta av nikkelgruva er omhandla. Ein møter gruvearbeidarane på arbeidsplassane både oppe i dagen og langt nede i dei store underjordiske anlegga. Ulykkene som skjedde i gruva er alle teke med. I tillegg er det omfattande stoff frå den lokale krigshistoria, om alle Evje-folka som drog ut på andre anlegg landet rundt etter krigen, om gjødselfabrikken som var på Flåt i tilknytning til gruva og mykje meir.
Innhald[endre]
Sjå også[endre]
- Bok I: Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje
- Bok III: Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie
Kjelder[endre]
Føreord for heile intervjuprosjektet, bok I side 5-14, innleiinga til bok II side 27-28 og innhaldslista i bok II