Ringeriksbua

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ringeriksbua slik ho står i dag.

Ringeriksbua var ei lagerbu for reservedelar til gruvedrifta ved Flåt gruve i Evje. Ho er ein av dei få bygningane som står att etter gruvedrifta.

Ringerike nikkelverk hadde same eigar som Evje nikkelverk. Ringerike nikkelverk blei lagt ned i 1932. Utstyret frå den verksemda blei då overført til Flåt gruve som reservedelar. I 1937 blei det bygd ei ny lagerbu til utstyret frå Ringerike. Lagerbua blei heitande «Ringeriksbua».

Kjelder[rediger]

  • Plakat/oppslag ved Flåt gruve, laga av Evje og Hornnes kommune