Åseral



Åseral er ein innlandskommune i Agder fylke med store hei- og fjellområde. Åseral grensar til Hægebostad og Kvinesdal i vest, til Bygland og Evje og Hornnes i nord og aust og til Audnedal i Lyngdal i sør. Administrasjonssenteret er Kyrkjebygda. Hovudinnfartsåra er Fylkesveg 455 frå Sveindal.
Natur og geografi
Den vestlege delen av Agder høyrer til det svekonorvegiske grunnfjellsskjoldet, og består av to geologiske hovedformasjonar av proterozoiske bergartar som er danna under dei gotiske og seinere svekonorvegiske fjellkjedefoldingane, med sterk metamorfose under den sistnemnte.[1] Eit underlag av 1 600 - 1 450 millionar år gamal skifer, kvartsitt, marmor og amfibolitt med noko hornblendegneis, og over dette sure overflatestrukturar av både granitt og granodioritt (hhv. 1 250 - 1 000 mill år gamalt, og stadvis 1 550 - 1 480 millionar år gamalt). Dei yngste svekonorvegiske formasjonane stadfestast av større formasjonar av granitt. Den kaledonske fjellkjedefoldinga nådde ikke ned hit. Forkastningane går både i sørvest-nordøst retning, og i sør-nord retning.[2]
Kommunen er ein del av det svekonorvegiske grunnfjellsskjold. For om lag 600 millionar år sidan sank grunnfjellet i havet og blei gjennom millionar av år dekka av nokre tusen meter tjukke sediment der det nedste blei danna (fyllitt). Under den kaledonske fjellkjedefoldinga 200 millionar år seinere blei dette sedimentære dekket heva opp, og nokre stader førte fjellfoldinga til at eldre gneis blei lagt som ei kappe over dei nå oppheva sedimentmassane. I kvartær-tida bli sediment- og fyllitt-dekket slite bort, og ein finn i dag bare dei nedste (eldste) lagene av dette fyllitt-dekket på enkelte topper helt nord i kommunen.[3]
Siste istid sette av både bunnmorenar og eskarar i Setesdalsheiene. Mange stader er fjellet svært blankskurt, med noko flyttblokker og lite jord-dekke med ein sparsam vegetasjon. Den sure grunnfjellsbotnen gir mest grobunn for hardføre artea av gras og lyng i nord, og mykje furu opp til tregrensa på druge 900 m.o.h. Det høgaste punktet i kommunen er Skoræ, 1041,4 moh.[4] Dyrelivet inneheld mellom anna elg, rådyr, rev, hare, lemen, fjellrype, villrein og gaupe. Sur nedbør har også redusert mange aure-stammar i området. Dei kalkrike fyllitt-områda i nord og vest har noko aure, medan bekkerøye er setta ut i dei surare vatna som dominerer kommunen.[5]
Den øvre delen av Mandalsvassdraget ligg i Åseral, og har her tre hovedlaup: Skjerka, Monn og Logna. Dei møtast i vatnet Øre, og frå utlaupet av Øre er namnet Mandalselva. Gyvatn, Nåvatn og Rundatjønn er andre vatn i kommunen.
Kraftkommune og anna næringsliv
Jord- og skogbruk er viktigaste næringar i kommunen. Om lag 1/3 av arbeidsplassane (2014) er i desse primærnæringene.[6] Turisme er eit satsingsområde i kommunen, som har tre hytteområde og tre alpinsentre: Bortelid, Ljosland og Eikerapen. Desse områda er i sterk utvikling med stor byggeaktivitet.

Åseral er ein kraftkommune med fleire damanlegg (Dam Skjerkevatn, Dam Heddersvika, Juvassdammen, Langevassdammen m.fl.) og fem kraftverk: Håverstad, Logna, Skjerka (gamal/ny) og Smeland. Dei har ein samla produksjon på 1 522 GWh/år. I dag er Åseral den nest-største kraftkommunen i Vest-Agder.[7]
Kultur
«Fjellbygda Åseral og åsdølen med sin særeigne innlandskultur og -tradisjonar skil seg på mange vis frå nabobygdene, og særleg frå distrikta nærare kysten», er det sagt i Kulturminneplanen til Åseral. Av ulike årsakar har åsdølen vald å halde på sitt eige.
Åseral i dag er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar trekk Eikerapen Roots Festival og Bygdeutstillinga mange tilreisende. 26. juni 2010 opna Minne Åseral kultursenter i Kyrkjebygda. Kulturhuset rommer faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
Aktiviteter og turisme
I Åseral er det tre alpinanlegg: Eikerapen, Ljosland og Bortelid.
Historie
I 1837 var Åseral eit annekssokn til Bjelland prestegjeld. Men det var skilt frå sitt hovudsokn av ein fylkesgrense: Åseral høyrde til Nedenes amt (frå 1919 kjent som Aust-Agder), medan Bjelland hovudsokn låg i Lister og Mandals amt (frå 1919 kjent som Vest-Agder). Det måtte difor opprettast eit eige formannskapsdistrikt (for liknande problemstillingar sjå også Bakke, Bindal, Birkenes, Røldal og Strømm – samt Hemne). 1. september 1880 vart Åseral overført frå Aust-Agder til Vest-Agder fylke.
På 1800-talet var det to bygdesentre i Åseral; Lognavatn og Kyrkjebygda. Folka ved Lognavatn var ganske sterkt knytta til Setesdal og spesielt Evje og Hornnes. I Kyrkjebygda var dei meir knytta til bygdene sørover langs Mandalselva og sjølve Mandal by. Rundt 1880 stod ny veg ferdig sørover mot Mandal. Kommunikasjonen denne vegen blei mykje enklare, medan vegen gjennom Dåsvannsdalen til Hornnes framleis var tungvinn. Mot slutten av 1800-talet tok Kyrkjebygda derfor meir og meir over som kommunesenteret.[8]
Arkivmateriale
Dei eldre kommunale arkivkjeldene for kommunen finnast i dag hos Interkommunalt arkiv i Vest-Agder (IKAVA). Det inkluderer protokollar frå til dømes kommunestyre, formannskap, fattigstyre, skulestyre og arkiv med mellom anna personopplysningar i form av klientarkiv, skatteprotokollar, men også skuleprotokollar.
Referanser
- ↑ Ivar B. Ramberg et al, Landet blir til - Norges geologi, Norsk geologisk forening 2006 (2007), side 71.
- ↑ Berggrunnskart over Norge, NGU 2006. (kart)
- ↑ Honoria Bjerknes Hamre, Fjellet, Cappelen 2006, side 148–149.
- ↑ Kulturminneplan Åseral 2020-2025, side 11
- ↑ Honoria Bjerknes Hamre, Fjellet, Cappelen 2006, side 150.
- ↑ Kulturminneplan Åseral 2020–2025, side 31
- ↑ Kulturminneplan Åseral 2020–2025, side 29
- ↑ Bård Raustøl, Da Åseral kommune byttet fylke, artikkel i Fædrelandsvennen 15. februar 2017, side 34–35