Bjelland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjelland sentrum sett nordover frå Bjelland kyrkje.

Bjelland er ein tidligare kommune i Vest-Agder. Han blei oppretta som eigen kommune første gang i 1902. Før dette var Bjelland ein del av Bjelland og Grindheim kommune. I 1962 vart Bjelland kommune slegen saman med Laudal og Øyslebø til den nye storkommunen Marnardal.

Bjelland sentrum er eit knutepunkt for biltrafikk. Fv-455 mellom Mandal og Åseral passerer forbi Bjelland. Frå aust kjem Fv-462 frå Hægeland over Kolandsheia til Bjelland. Noko nord for sentrum går Fv-503 vestover gjennom Selandsdalen til Byremo. Sør for Bjelland kyrkje går Fv-752 vestover til Ågedalstø i Audnedal.

Bjelland grensar til Hornnes[rediger]

Roland i Bjelland. Eit stykke nordover, bak åsane, ligg Abusland og Kalland i Hornnes.
Foto: Geir Daasvatn

Bjelland grensar til Hornnes, og i eldre tider var det mykje meir samkvem mellom dei to bygdene enn det er i dag. Kalland er nabogard til Roland i Bjelland. I gamal tid gjekk det etter alt å døme ein rideveg over Kallandsheia til Roland, og derfrå vidare til Harkmark ved Mandal. Tradisjonen fortel at folk frå Råbyggelaget brukte denne vegen når dei skulle til Harkmark, der det var stor hamn før Kristiansand blei grunnlagt.[1]

Segna seier at det var skyss-skifte mellom honndølane og bjelldølane ved Bispestolane på heia mellom Espetveit og Kalland når dei skyssa biskopen i eldre tid. Dei som først kom fram, sette seg i steinstolane for å kvile til folka frå den andre sida kom. Tidleg på 1700-talet byrja ferdsla å ta andre og meir kjende vegar mellom desse to bygdene. Bispestolane må derfor etter alt å døme minst vere frå 1600-talet.[2] Men ein kjenner ikkje til at det har gått nokon bispeveg her. Skysskifte brukte dessutan å vere på ein gard. Ein av dei framste kjennarane av ulike steinsetjingar på Agder, Torfinn Normann Hageland, er inne på at «Bispestolan» bare er eit rosande namn folk har funne på, og så har nokon dikta opp segna om biskop og bispeveg.[3]

Den kjende skribenten i Hornnes, Torgeir Fennefoss (1894-1960), har skrive ei fin historie om korleis samkvemet med bjelldølane kunne gå føre seg. Stykket heiter På konfirmasjonstur til Bjelland - Ei sannferdug soge om 3 ungkarar på skjørtejakt, og er trykt i Arnstein 2010, side 41-42.

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...