Smeland kraftverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Smeland kraftstasjon.
Inntaksdammen til kraftverket lenger nord i Lognadalen.
Foto: Geir Daasvatn

Smeland kraftverk er eit vannkraftverk på Smeland i Åseral. Det ligg i elva Logna, og utnyttar eit fall på 95 meter mellom Lognavatn og Smeland. Vatnet vert leia i ein 8,1 kilometer lang tunnel frå inntaksmagasinet til kraftstasjonen. Det blir også henta inn vatn frå fleire bekkeinntak, og det blir overført vatn frå elva Monn.

Stasjonen ligg 200 meter inne i fjellet, og er fjernstyrt frå Brokke kraftstasjon i Setesdal. Det er ein turbin i anlegget. Samla effekt er 24 MW. Stasjonen leverer rundt 114 GWh i året til Agder Energi, noko som tilsvarer årsforbruket til ca 5950 husstandar. Smeland kraftverk er eigd av Agder Energi-konsernet. Det starta produksjonen i 1985.

Kjelder[rediger]