Sveindal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Austre Sveindal 1. januar 2017.
Mandalselva på Vestre Sveindal, rett sør for Sveindal bru 7. desember 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Sveindal er ei lita grend nord-aust i Audnedal. Staden ligg like ved grensa både mot Åseral i nord og Evje og Hornnes i aust. Fylkesveg 42 som kjem frå Hornnes og går vidare vestover mot Tonstad, og Fylkesveg 455, som kjem frå Bjelland og går vidare nordover mot Åseral, kryssar kvarandre i Sveindalskrysset. Sveindal er såleis eit trafikk-knutepunkt. Ein sideveg, Butveitsveien, går sør-austover til garden Butveit.

I Sveindal er det to gardar, Austre Sveindal og Vestre Sveindal, som ligg på kvar si side av Mandalselva og Sveindal bru (bygd 1952).

På Vestre Sveindal ligger Sveindal museum, som er eit lite bygdemuseum.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...