Logna kraftverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Logna kraftverk er eit kraftverk i elva Logna i Lognadalen nord i Åseral. Kraftverket utnyttar fallet på 154 meter frå Juvatn til Svartevatn. Juvatn er demt opp med Juvassdammen, og er magasin for Logna kraftverk. Vatnet blir regulert mellom 513 moh. og 489 moh. Sjølve kraftstasjonen ligg ved nordre enden av Svartevatn. Vatnet blir ført hit frå Juvatn gjennom ein 5 kilometer lang tunnel. Eigar av kraftverket er Agder Energi.

Kraftverket leverer 105 GWh i året. Det forsyner om lag 5 250 husstandar med straum i året.

Kjelder[rediger]