Skjerka kraftverk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skjerka kraftstasjon. Det raude bygget er den første stasjonen frå 1932. I bakgrunnen skimtar ein inngangen til den nye stasjonen inne i fjellet.

Skjerka kraftverk er eit vannkraftverk i Åseral kommune. Kraftverket nyttar eit fall på 346 meter frå Øvre Skjerkevatn. Nåvatn blir også brukt som magasin. I tillegg vert det overført vatn til Nåvatn frå Langevatn og KvennevatnetLjosland lenger nord gjennom ein over 13 km lang tunnel.

Vatnet vert leia i ein 1,8 km lang tunnel frå inntaksmagasinet ned til kraftstasjonen på Skjerka. Samla effekt er 98 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er på 570 - 612 GWh. Vatnet frå kraftverket renn ut i Ørevatn.

Kraftverket er eigd av Agder Energi. Det er det 2. største kraftverket i selskapet.

Vidare utbygging[rediger]

Det pågår (2016) ei stor oppgradering av Skjerka kraftverk. Dei eksisterande fire dammane ved Nåvatn skal heilt eller delvis fjernast. Den gamle betongdammen i Skjerkevatn skal også rivast. Det blir i staden bygd to nye store steinfyllingsdammar, ein i Skjerkevatn og ein i Heddersvika. Etter utbygginga vil vasstanden i Skjerkevatn bli heva med 23 meter, og Skjerkevatn og Nåvatn blir eitt stort magasin. Større magasin og auka fallhøgde vil gi auka produksjon i kraftverket.

Historie[rediger]

Inngangen til den nye stasjonen inne i fjellet.
Foto: Geir Daasvatn

Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei då bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Øvre Skjerkevatn. Produksjonen starta i 1932. Midlare årsproduksjon i denne stasjonen var 492 GWh. Utbygginga var den første store i Mandalsvassdraget. Dei gamle aggregata står fortsatt i stasjonen, og skal kunne brukast i periodar med ekstra stor tilgang på vatn.

Det blei så bygd ny kraftstasjon på Skjerka i 1997. Den nye stasjonen er sprengt inn i fjellet.

Kulturminne[rediger]

Som en heilskap er kraftanlegget gitt vern som eit av kulturminna i norsk kraftproduksjon. Noko av grunngjevinga for dette er at stasjonen syner kontinuiteten i kraftutbygginga, med gamal kraftstasjon i dagen og ny i fjellhall, dessutan med dei opphavelege aggregata, i tillegg til at ein kan finne to turbintypar (Pelton- og Francis-turbinar) i same stasjon.

Kjelder[rediger]