Eikerapen Roots Festival
Eikerapen Roots Festival er ein musikkfestival som blir arrangert i Eikerapen i Åseral kvar sommar. Første gong festivalen blei gjennomført var i 2004.
Innhold
2018[rediger]
Festivalen vart arrangert for 15. gang frå torsdag 2. august til lørdag 4. august 2018.
2017[rediger]
Festivalen blei arrangert frå torsdag 3. august - lørdag 5. august 2017. Han var ein dag kortare enn tidlegare år. Omlag 4 500 menneske løyste billett. Lørdagen var best besøkt, med rundt 1700-1800 menneske.
2016[rediger]
I 2016 var festivalen frå 3. august - 6. august. Om lag 8 000 publikummarar gjesta festivalen. Festivalen dette året gjekk med eit samla underskot på 272 000 kroner. Svikt i sponsorinntektene var viktigaste årsak.
Kjelder[rediger]
- Artistlista til Eikerapen Roots Festival er klar, stykke i Setesdølen nr. 51, 2016, side 12
- Ole Birger Lien, 8000 vitja rootsfestivalen!, artikkel i Setesdølen nr. 62, 2016, side 3
- Sigurd Haugsgjerd, Underskot på 272.000 kr., artikkel i Setesdølen nr. 97, 2016, side 3
- Sigrid Åsen Haugsgjerd, Usikker framtid for Rootsen, artikkel i Setesdølen nr. 52, 2017, side 24