Bortelid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Bortelid er ei fjellbygd og hyttegrend, og ein populær vintersportsstad, vest for Juvatn, nord i Åseral. Fylkesveg 351 går frå Kyrkjebygda gjennom Lognadalen til Åknes og vidare til Bortelid. Det går også veg frå Hornnes gjennom Dåsvannsdalen og Fiskårdalen til Røynlid og vidare til Bortelid.

Det er nærare 1300 fritidsbustader i Bortelid-området, skisenter, campingplass og daglegvarebutikk. Hyttebygginga har i hovudsak skjedd i regi av Bortelid Utmarkslag, som grunneigarane på Bortelid står bak.

Det er fleire større arrangement på Bortelid i løpet av året, som Bortelid haustmarknad og Bortelid triathlon.

Historie[rediger]

Bortelid var opphaveleg seter under garden Tjaldal, som ligg omlag tre km sør for Bortelid. I 1770 blei Bortelid skild ut som eige gardsbruk. Gardsbruket vart snart delt i to, bnr. 7 og 8. I 1966 vart Bortelid Utmarkslag skipa. Føremålet var å skape attåtnæring til gardsdrifta. Det kom ein solid vekst i hyttebygginga i ein tiårs-periode frametter. Etter nokre rolegare år på 1980-talet, tok bygginga seg opp att på 1990-talet. Dei siste åra har salget vore litt tregare igjen.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...