Ljosland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ljosland sett frå nord mot sør 13. mai 2017.

Ljosland er ein gard (gnr. 7) og den nordligste grenda i Åseral kommune, i nordenden av Ljoslandsvatnet, 22 km nord for Kyrkjebygd. Ljosland har den største flatevidda av alle gardane i Åseral, om lag 160.000 dekar. Grannegard i sør er Breland, i vest ligg Fjotland i Kvinesdal, i nord Bygland (Hegland) og mot aust gardane Tjaldal, Nordgard og Hamkoll i Åseral.

Staden var truleg befolka alt i jernalderen. Etter Svartedauden var det lenge eitt bruk, men på 1600-talet vart det delt i fire bruk, og sidan vart desse delt att. På det meste var det 12 bruk og 89 personar som budde på Ljosland, og skulen hadde 17 elevar.

I 2010 er skulen borte og det bur om lag 20 personar i grenda, som er blitt ein utfartsstad for folk frå kysten som søker vinter og snø. Frå Mandal er det 104 km, frå Kristiansand 106 km om ein køyrer via Hægeland og Bjelland.

I 1892 fekk bygda kyrkjegard, slik at dei slapp å frakte dei døde til Åseral kyrkje. Men Ljosland kapell kom ikkje før i 1959.

Kjøreveg heilt fram til Ljosland kom ikkje før i 1936 og i 1948 kom elekstrisk straum til bygda. Siden vart det Ljosland som kom til å levere elektrisk kraft til omverda. Det første kraftverket hadde kome med Skjerka kraftverk alt i 1932, sidan vart det utvida fleire gonger. Langevatn vart demt opp frå det naturlege vannmålet som var på 667,2 meter til 683 meter, og Kvennevatnet vart demt opp frå 745,2 til 771. Saman med dammane vart det frå 1950 til 1953 bygd ein tunnel på 13,3 km til Skjerka kraftstasjon sitt basseng Nåvannsbassenget.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...