Juvassdammen

Juvassdammen er ein 46 meter høg betongkvelvdam i sørenden av Juvatn i Lognavassdraget i Åseral. Eigentleg er det to dammar her, den høge Juvassdammen og ein lågare, men lengre platedam i betong rett vest for hovuddammen. Dei to dammane demmer opp Juvatn til magasin for Logna kraftverk ved Lognavatn. Magasinet kan romme heile 142 millionar kubikkmeter vatn.
Juvassdammen er ein turistattraksjon i Åseral. Ein kan kome dit ved å følge Fv-351 mot Bortelid til Åknes, deretter Austegardvegen mot Austegard og Espelid, og til slutt Juvassvegen inn til dammen.
Historie[endre]
Løyve til å bygge ut Lognavassdraget blei gitt ved kronprinsregenten sin resolusjon dagsett 9. desember 1955. Ein av hovudgrunnane til oppdemminga var å skaffe vatn vinterstid til det nybygde Håverstad kraftverk lenger nede i Mandalselva. Den bakomliggjande grunnen skal ha vore å skaffe meir straum til den kraftkrevjande industrien i Kristiansand, mellom anna Fiskaa Verk.
Ein starta opp med å bygge veg og bruer frå Austegard til Juvatn i 1955. Bygginga av sjølve dammen starta i 1956. Han stod ferdig i 1958. På det tidspunktet skal han ha vore den høgaste dammen i sitt slag i Nord-Europa. Hovudentreprenør var firmaet Betongbygg frå Kristiansand. Kort tid etter at Juvassdammen var bygd, stod også Logna kraftverk ferdig.
Kjelder[endre]
- Om Juvassdammen på visitnorway.no
- Om Juvatn i Store Norske Leksikon (nettutgåva)
- Inger Juvastøl, Juvasstøl - Ein heiegard i Åseral, utgjeve på eige forlag, 2015, side 21 og 25-26
Kart[endre]
{{#display_map: 58.802589782401554,7.55035400390625~Juvassdammen Åseral}}