Åseral kommune, overgang til Vest-Agder fylke

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto (?) av Lognavatn 1925
Foto: Bilete frå Arne Mjåland, Agder Tidend
Vegarbeid i Åseral 1920
Foto: Bilete frå Arne Mjåland, Agder Tidend

I 1980 var det 100 år sidan at Åseral kommune vart flutt frå Aust-Agder til Vest-Agder fylke. Eller som det heitte i 1880, frå Nedenes amt til Lister og Mandals amt. Årsaka til at åsdølane fekk sitt ynskje imøtekomen var den lange og slitsame vegen til Arendal. Det hadde seg slik at då vegen mellom Mandal og Kyrkjebygd vart ferdig i 1879, så vart det så mykje lettare å fara mot Mandal.

Vegen var avgjerande

Fram til 1880 måtte åsdølane rydde og brøyta to vegar, den eine austetter mot styresmaktene i Arendal og den andre søretter mot Kristiansand. Fram til omkring 1820 høyrde delar av Åseral innunder den militære øvrigheita i Hornnes tinglag, som vart kalla Tørrisdal kompani. Like før 1880 vart Åseral skild ut får Hornnes ting, og fekk då sitt eige ting.

Men då nyvegen frå Mandal vart ferdig i 1879 kom det ei ny tid til tidlegare nokså avstengde Åseral. Nå kunne ein på sommarstid spenne hesten framføre kjerra og køyra på gruslagd veg i staden for å klyvje over hei og svaberg når dei skulle til byen. Sjølv om det ikkje alltid var brukbar brøyting om vinteren, så fylgde dei allikevel nyvegen med slede. Ei ny tid hadde kome til ein fatig kommune i utkanten av Agder, sjølv om vegen hadde kosta kommunen nokså mykje. Nå kunne dei fylgja langsetter dalføret ned mot Mandal i staden på tvers av dalføra mot Arendal.

Styresmaktene hadde forståing for tilhøva, og godtok at kommunen fekk overgang mot vest, som nå vart heilt naturleg for dei. Heretter kunne dei fara til Mandal når dei hadde trong til det, både for å handla og for å tala med styresmaktene samstundes.

Stor feiring i 1980

100-årsfeiringa av overgangen til Vest-Agder vart markera med stor feiring i Åseral, og det var reportasjar i agder-avisene. Fylkesmann Bue Fjermeros heldt helsingstale, og mange representantar for fylkesstyresmaktene var til stades. Kan nemne fylkeskontorsjef Henrik Lund, fylkesrådmann Birger Strømsvaag, fylkesordførar Niels Otto Hægeland, vegsjef Sigurd Aas og formann i Samferdslestyret Sigurd Verdal. Seinare på kvelden vart det framførd eit skodespel som visa korleis det heile hadde gjenge føre seg 100 år tidlegare, og det vart framførd mykje song og musikk. Statsarkivet i Kristiansand og Agder Distriktshøgskule hadde også skipa til seminar i samarbeid med kulturstyret i Åseral.

Kjelder