Fædrelandsvennen
Fædrelandsvennen er ei dagsavis som kjem ut i Kristiansand. Avisa hadde i 2010 eit opplag på knapt 38.000, ein nedgang på om lag fem tusen aviser sidan 2006. Media Norge, som har Schibstedt, Norges største mediekonsern, som største eigar, eig Fædrelandsvennnen. Avisa eig sjølv ei rekke andre mediebedrifter på Agder.
Avisa vart etablert i 1875.
Under heile krigen 1940-45 klara Fædrelandsvennen å koma ut, sjølv om avisa jamtover berre var på 4-6 sider. Redaktør Magne Torsvik vart avløyst av meir tyskvenlege J. H. Grim i januar 1943, men vart raskt gjeninnsett i maidagane 1945. Gabriel Scott kommenterte denne perioden ma. slik: Blant de mange «Grims eventyr» som Fædrelandsvennen nødt og tvungent måtte bringe til torvs under solkorsets banner... (Utsnitt av eit innlegg)
Den 16. september 2006 gjekk avisa over frå fullformat til tabloid. Avisa har god dekning i Setesdal og hadde eige kontor i Valle til 2012, der journalist Johs. Bjørkeli arbeidde til han vart pensjonist. Frå juni 2010 er Eivind Ljøstad sjefredaktør og samfunnsredaktør Vidar Udjus er stedfortredande sjefredaktør.
Dødsannonser
Kjelder og eksterne lenker
- Om Fædrelandsvennen hos wikipedia
- Fædrelandsvennen si nettside
- Fra dag til dag, Fædrelandsvennen, 21. januar 1943.
- Gabriel Scott: Loddrett løgn! Fædrelandsvennen, 9. juni 1945