Setesdal sogelag

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Setesdal Sogelag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarne Tveiten vart vald til leiar i 2013
Setesdal sogelag logo.jpg

Setesdal sogelag vart skipa i eit møte på Setesdalsmuseet onsdag 10. april 2013. I styret kom Hallvard Tveit Berg (vara Margit Dale), Magnhild Rygg (vara Torgeir Moseid) og Bjarne Tveiten (vara Magnhild Bjørnarå). Bjarne Tveiten vart vald til leiar og Astri Rysstad tok på seg rollen som sekretær.

Laget hadde 107 medlemer i februar 2015. Ved årsskiftet 2022/2023 er det 135 medlemer. I det talet er 9 familiemedlemskap.

Styre

  • 2016: Bjarne Tveiten (leiar), Liv Åsne Austad Andersen (styremedlem), Hallvard Homme (styremedlem), Magnhild Bjørnarå (varamedlem), Torgeir Moseid (varamedlem), Inger Lise Homme (varamedlem), Hallvard Tveit Berg (kasserar), Astri Rysstad (sekretær)
  • 2017: Arve Rauk (leiar), Hege Rygnestad (skrivar), Torbjørn O. Frøysnes (kasserar), Reidun Taksdal Bjørnarå (styremedlem), Knut K. Homme (styremedlem), Niklos K. Besteland (varamedlem), Helga Jacobsen (varamedlem), Birgit Haugå Nordibø (varamedlem)
  • 2018: Vidar Toreid (leiar), Reidun Taksdal Bjørnarå (styremedlem), Knut K. Homme (styremedlem), Birgit Haugå Nordibø (varamedlem), Niklos K. Besteland (varamedlem)
  • 2019: Vidar Toreid (leiar)
  • 2020: Vidar Toreid (leiar), Birgit Breive Lidtveit (nestleiar), Torgrim Nordgarden (kasserar), Vigdis Jeiskelid (styremedlem), Karin Bøe (styremedlem/skrivar), Niklos K. Besteland (1. varamedlem), Torgeir Moseid (2. varamedlem/redaktør årsskriftet, møtte på styremøta), Ingebjørg Helle Nesheim (3. varamedlem)
  • 2021: Vidar Toreid (leiar), Birgit Breive Lidtveit (nestleiar), Torgrim Nordgarden (kasserar), Vigdis Jeiskelid (styremedlem), Karin Bøe (styremedlem), Torgeir Moseid (redaktør årsskriftet)
  • 2022: Vidar Toreid (leiar), Vigdis Jeiskelid (nestleiar), Torgrim Nordgarden (kasserar), Karin Bøe (skrivar), Jan Olaf Rysstad (styremedlem), Knut Olav Uppstad (1. varamedlem), Torgeir Moseid (redaktør årsskriftet og 2. varamedlem), Liv Åsne Austad Andersen (3. varamedlem)
  • 2023: Unn Hovden (leiar), Vigdis Jeiskelid, Torgrim Nordgarden, Knut Olav Uppstad, Karin Bøe, Jan Olaf Rysstad (varamedlem), Vidar Toreid (varamedlem) og Angerd Gjerden (varamedlem)

Setesdal og setesdølar

I mars 2015 gav det nye sogelaget ut det første årsskriftet sitt, Setesdal og setesdølar. Redaktør for bladet var Andres Helle. Målet var å lage eit årsskrift med ei fin blanding av nytt og gamalt. Blant mange bidragsytarar i den første utgåva var Bjarne Tveiten, som tok for seg tamreinhistorien. Reidar Tveito såg på slektsgransking gjennom Facebook. Det var dikt og tekstar av Knut K. Homme og utdrag frå «Gard og ætt»/Nordbygdi av Olav M. Holen. Rosinen i pylsa var illustrasjonar av biletkunstnaren Hans Georg Kohler.

Årsskriftet kom også ut i 2016–2023, frå 2019 med Torgeir Moseid som redaktør etter Andres Helle.

Sogevandringar

Arrangement

Bakgrunn

Knut K. Homme (Valle) møttest saman med Bjarne Tveiten (Bykle), Magnhild Rygg (Bygland) og Beint Foss frå Agder Historielag om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland. Møta kom i kjølvatnet av at Johnny Haugen, på vegne av Agder Historielag, hadde skrive nokre innlegg om å opprette eit felles sogelag for heile Setesdal, mellom anna i Setesdølen 29. mars 2011. Olav M. Holen i Bykle tok opp tråden, og la fram forslag om eit slikt lag på årsmøtet i Agder Historielag i 2012. Etter å ha rådført seg med Beint Foss ringte han rundt til aktuelle personar i Bykle, Valle og Bygland som kunne vere interessert i å skipe laget. Til slutt stod dei tre nemnde personane att, saman med Beint Foss.

Sjå også

Setesdal sogelag Årsmelding 2018

Kjelder

Eksterne lenker