Ålmannvegen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Ålmannvegen var ein enkel rideveg som vart avløyst av kjerreveg frå Valle til Bykle gamle kyrkje i 1879, vidare til Hoslemo i 1904, og køyreveg frå Berdalsbru til Hovden rundt 1930.

Før køyrevegen til Hovden kom, gjekk Ålmannvegen opp Hoslemogardane og til Dalen, med bru over Løyningsåni og vidare til Ørnefjell. Derfrå gjekk han til Hartevatn, og på vestsida av Hartevatn til Breive og Hovden.

Folke Nesland i Bykle har gjort eit stort arbeid med å finne att og kartlegge Ålmannvegen. Han har skildra vegen i rapporten Ålmannvegen Bykle til Breive. Ferdavegar i Bykle (1996).

Kjelder

Eksterne lenker