Magnhild Rygg
Magnhild Rygg | ||
---|---|---|
Født: | 4. mars 1936 | |
Død: | 23. september 2023 (87 år) |
Magnhild Tverdal Rygg (fødd 4. mars 1936 i Rennebu, død 23. september 2023) var ordførar i Bygland frå 1981 til 1987 for Sp. Ho overtok etter Knut P. Sandnes. Då ho vart ordførar, hadde ho vore varaordførar i to år. I perioden 1983–1987 hadde ho med seg Arna Bakke (H) og Reidun Horverak (KrF). Dei var varaordførarar i to år kvar. I tillegg var Olav Lauvdal (Ap) og Astrid Moi (Ap) med i formannskapet i den perioden. Ho var den første kvinne som var ordførar i Setesdal.
I 1972 kom ho frå Trøndelag med mannen Ottar Rygg og barna Mari Rygg, Guri Rygg og Leiv Rygg for å overta slektsgarden på Longerak. Ho dreiv sjølv i skogen i mange år, men ho er utdanna lærar og fekk seg så jobb som lærar på Bygland skule. Sidan var ho på Grendi skule.
Utanom politisk engasjement har Magnhild Rygg vore aktiv i korps og kor, Bygland bygdekvinnelag, Bygland Mållag, Bygland pensjonistforening, Bygland frivilligsentral og Setesdal sogelag. Ho var ein av initiativtakarane, då laget blei skipa i 2013. Ho møttest saman med Bjarne Tveiten (Bykle), Knut K. Homme (Valle) og Beint Foss frå Agder Historielag om hausten og vinteren 2012–2013 til tre førebuingsmøte i den gamle stasjonsbygninga på Byglandsfjord stasjon. Her blei dei fire einige om eit felles grunnlag for eit samla sogelag for Bykle, Valle og Bygland.
Heider
På Kulturminnedagen 2013 i Bykle kyrkje vart ho hedra for innsatsen sin av Setesdal sogelag ved Torhild Austad og overrekt bok og blomar.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Heidra av Setesdal sogelag. Artikkel i Setesdølen nr. 73, 2013 side 7
- Sigurd Haugsgjerd: Magnhild - ein pionér. Artikkel i Setsdølen nr. 73, 2013 side 7
- Johnny Haugen, Første kvinnelege ordførar på Agder, artikkel i Setesdølen nr. 19, 2022, side 8
- Johnny Haugen, Æres den som æres bør, lesarbrev i Setesdølen nr. 19, 2023, side 8
- Olav M. Holen, Om å skipe sogelag i Setesdal, lesarbrev i Setesdølen nr. 20, 2023, side 2
- Sigurd Haugsgjerd, Slik vil me minnast henne, minneord i Setesdølen nr. 64, 2023, side 3