Støyledalen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Støyledalen med Skargjesåni i framgrunnen.

Støyledalen er eit lite dalføre i fjellet nord for den austre enden av Botsvatn i Bykle kommune. Den sommaropne anleggsvegen frå Nordbygdi til Store Urevatn går gjennom dalen. Sørover gjennom dalen og ned i Botsvatn renn Skargjesåni. I den søre enden av dalen kastar elva seg utføre den svære Rjukanfossen.

Gardane Holen og Tveiti i Nordbygdi hadde støylane sine i Støyledalen. Dalen låg ikkje så langt borte, og var lett tilgjengeleg. Holsstøylane og Tveitestøylane låg på kvar si side av Skargjesåni. Bortestøylane til Tveiti-bruka var Fosstøyl, Øystøyl, Blomstøyl, Fit og Ljoråsen. Holen-bruka hadde Kaupmannsbui, Råsi, Tykkholt og Nygårdsstøylen.[1] Støylsdrifta i Støylsdalen skal ha halde på heilt til slutten av 1960-talet.[2]

I gamle tider reiste folka frå Nordbygdi mykje vestover til Ryfylke. Ein mykje brukt ferdaveg gjekk gjennom Støyledalen, opp Svelgen, over Smalevasseggi og vidare over fjellet til Kvilldal ved Suldalsvatnet. Ein annan veg gjekk også gjennom Støyledalen. Men då tok ein ikkje opp Svelgen, men nordover ved Kaupmannsbui og over fjellet til Vatndalsvatnet. Herfrå tok ein vidare vestover til Suldal.[3]

På støylen Kaupmannsbui var det marknad for byklarar og for «nordmenn» (folk frå Vestlandet) kvar sommar på 1600-talet og truleg til utpå 1700-talet.[4] [5]

Referansar[rediger]

<references>

  1. Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, s. 273-276
  2. Nordbygdi - slik ho var, s. 266
  3. Nordbygdi - slik ho var, s. 111
  4. Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, s. 249
  5. Nordbygdi - slik ho var, s. 276