Olav M. Holen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav M. HolenSymbol unrelated.svg
Født: 12. november 1942 (76 år)

Olav M. Holen (fødd 12. november 1942) var kommunelege i Valle frå 2000 til 2007. Han er frå Holen, ein av gardane ved Botsvatn som vart neddemd i samband med kraftutbygginga i Bykle. Han gjekk to vintrar på Bygland landbruksskule. Sidan gjekk han på Bø landsgymnas, og deretter studerte han medisin. Han var ferdig lege i 1973. Frå 1978 til 1981 var han lege på Taiwan.

I 2000 flytta han heim til Bykle, der han i 1995 hadde overteke heimegarden. Etter kvart har han restaurert bygningane på garden og på støylen Holskrone i Støyledalen. Ut frå støylen driv han eit sommaropplegg der gjester kan få oppleve natur, kultur og tradisjon. Han har vore spesielt oppteken av medisinplanter og bruken av dei. Han er også oppteken av bygdeutvikling og bruken av ressursane som finst i bygdene. Dette har han fortalt om i fleire program i Valle Radio. I 2012 gav han ut ei bok med minne frå oppveksten i Nordbygdi i Bykle.

Familie[rediger]

Olav M. Holen er son til Mikkel Olavsson Holen (1912-1990) og kona Gyro Holen (fødd Rygnestad 1912-1997). Han var gift med Berit Magnussen frå Arendal. Dei fekk fire born: Mikkel Holen (fødd 1975), Andres Holen (fødd 1977), Gyro Anna Holen (fødd 1980) og Kristine Holen (fødd 1984)

Bibliografi[rediger]

Heider[rediger]

  • Bykle kommune sin kulturpris 2016 for allsidig kulturarbeid på tre felt: samle, restaurere og take vare på gamle bygningar, skrive fleire lokalhistoriske bøker og ein biografi og arbeid med medisinske urter og planter i form av å halde kurs og elles formidle kunnskapen sin.

Eksterne lenker[rediger]

Kjelder[rediger]