Melejuvet
Melejuvet er ei 5-6 km lang sprekksone i heia på vestsida av Byglandsfjorden ved Lauvdal. Juvet gjeng omlag snorbeint i aust-vest retning, med Skjevraknuten på nordsida og Nånesveten og Røyrfjell på sørsida, og strekk seg frå Mele ved fjorden og inn til Lille Gyvatn.
Segna om Melejuvet
Johannes Skar fortel i Gamalt or Sætesdal om korleis Melejuvet vart laga:
Eingång kåm 'an vestati sigglandi ti Bygland. Melejuv e farvegjen 'ass. De gjekk i eit renni ne liann' å tvert ive fjoren, luks 'ni fjøddi å utte i 'n bugji. Dei kadde den bugjen Sant-Olavs sving.
Dette var om då Heilag-Olav hadde kristna åsdølane. Sidan sigla han med Ormen Lange over heia mot Setesdal. Båten kom noko lågt ned, slik at kjølen skar ut Melejuvet, og børa var så god båten skar ut ei øy på lauvdalsida ved Rindeberg før dei sigla vidare mot Bygland. Der bar det til slag med kong Hane, men det er ei anna soge.
Eit uvanleg juv
Dei fleste juv har opprivne og variera fjellsider som svingar hit og dit. Melejuvet derimot er så beint i retninga at ein kan sjå dei yste gardane på Lauvdal langt inn i gjennom, om ein fylgjer botnen. Fyrst ved Røyneskleiv svingar juvet seg ein tanke meir mot nord. Omkring den midtre delen av Melejuvet er terrenget på begge sider nokså flatt og myrlendt. Her kan ein mest ikkje sjå juvet før ein kjem ut på kanten. Det er som om grunnen har sukke 70-80 meter ned, og etterlete seg loddrette bergsider. Botnen er frå 10 til 30 meter brei, og svært steinete. Meleåni renn gjennom heile juvet, og kan til tider ha stor vassføring. Fleire stadar finst det kulpar gjerne omkransa av loddrette bergveggar, og nokså langt inne er det også eit fossefall. Andre stadar gjeng åna så djupt nede i grunnen at ein korkje kan sjå eller høyre noko, om vassføringa er lita. Å kryssa juvet er ikkje lett, men mogeleg fleire stadar, ma. ved Austmannsvelta.
Geologi
Om ein får fram eit høveleg utsnitt av indre Agder på Google Earth, så kan ein sjå det går mange dalsøkk i ulik lei, og der Setesdal er det mest markante. På tvers av Setesdal kan ein også fylgja eit av søkka i landskapet, ikkje særleg vidt eller djupt, men tydeleg nok. I aust tek dette søkket til ved Sandsvatn i heia mellom Lauvdal og Tovdal, og forsvinn i Byglandsfjorden ved Lauvdal. Søkket kjem oppatt ved Mele, og er nå svært tydeleg innover mot Lille Gyvatn. Dette er Melejuvet. Så held søkket fram i same lei gjennom Stasvatn, fylgjer Øygardsdalen tvert over Fiskårdalen, og endar ved Listøl i Åseral. Ein skulle tru dette var ei samanhengande sprekksone som har fått ulik form gjennom istidas skuringar, men fagutdanna geologar har gjerne andre forklåringar.
Om ein studerar berggrunnskartet Mandal så har Melejuvet symbol for forkastning, mylonittsone. Ei forkastning er sprekksone i fjellgrunnen, og mylonitt tyder knusing. Kan det då ha seg slik at juvet har oppstade mellom to større, parallelle sprekkar, og at det oppsprukke berget i mellom har blitt ført ut mot fjorden av flaumvatn gjennom mange tusen år?
Det finnes ei hovudoppgåve ved Universitetet i Bergen i frå 1982 som omhandlar kvartærgeologi og anvendt geologi. Denne vart utførd av Astri Fritsen og Pål Kongsgården. Dei hadde her teke føre seg sand og grusavleiringar mellom Hannås og Hovden. I bind 1 har dei også teke med noko om Melejuvet, som dei trur har oppstade anten før eller under siste istid. Isbreen flutte seg på tvers av juvet, og då har dette heilt eller delvis vore fylt opp med morenemasse. Under siste del av istida stogga breens rørsle, og restar av dødis låg i ro til isen var smelta bort. Dette gjekk føre seg over lang tid. Slik dødis kunne demma opp for store vassbasseng, som stadig fløymde over. (Jamfør Simadalen i Hardanger i vår tid) Store vassmengder kan ha vaska ut lausfjell og morenemasse frå juvet. Dagens fjordbasseng var fyld opp med dødis, som styrde straumen av lausmasse utover liene ved Mele og utover mot Nånes. Kan til slutt nemne at namnet mele tyder bratt skrent danna av lausmateriale langs elv eller vatn.
Tømmerfløyting
Olav Kile kom frå Tovdal, og dreiv med tømmerfløyting. Han hadde vore busett på 9 stadar og tok etternamn etter dette. Kring år 1900 hadde han kjøpt opp skog i Vestre Trældal, Austre Trældal og rundt Lille Gyvatn. Byglandsfjord Dampsag & Høvleri var kjøpar av lasta. Ein ser ennå restane av ein reguleringsdam han sette opp ved utlaupet av Lille Gyvatn. Men lite og inkje av tømmeret kom ut i Byglandsfjorden. «Det var berre fyrstikkor som kom» fortalde Sigurd Bø mang ei gong.
Også Tellef C. Holum hadde kjøpt opp last og seld vidare til Hartmann, for fløyting ut Melejuvet. Dette varde vel og lenge, og Hartmann etterlyste lasta. Då skreiv Tellef ein rapport ma. slik: «Lasten går i strøm og stille vande». Hartmann laut overtake fløytinga sjølv.
Sigurd Bø har mange gonger fortalt om all baling med tømmerfløyting gjennom Melejuvet, særleg om Torjei Jensson. Han var litt av ein kraftkar, og kom frå husmannsplassen Apledokk ved Dale (Bygland). Han gjekk og under namnet Dalskjempa. Midtveges i juvet ligg det ein kallar Helvitet. Her fyller ein større kulp opp mellom juvets loddrette fjellveggar. Under stor vassføring, som ved fløyting, laut ein symje for å kome over her. Tarjei Jensen kunne ikkje det, og byrja møysommeleg å krappe på botnen av kulpen. Dette tok si tid, og ein av fløytarane fekk til sist drege han opp med haken. Han fekk difor ei flenge i skuldra og blødde fælt, men kom seg over. Difor har ein i 100 år sidan sagt at: «Torjei Jensson Appledokk er den einaste som har krabba på botnen av Helvitet»
Olav Frøyrak har fortald at grunneigaren på Nånes, ville fløyte tømmer gjennom juvet i 1933. Fløytingsdammen var ennå intakt då. Fellesfløytinga sa han kunne få betalt for tømmeret, men trong ikkje bry med å fløyte. Dei meinte dette var heilt fåfengt.
Austmannsvelta
Dette er namnet på den staden der Steebekken frå Kopsåsmyrane støyter seg ut for kanten av juvet. På motsett side, på nordsida renn Bytingsbekken ut over kanten. Dette er ein av stadane ein har bruka for å kryssa over Melejuvet. Namnet har si forklåring i fylgje Olav Frøyrak:
Olav Kile og bestefar til Margit Hamre hogg tømmer ein vinter ved Kopsås.Meininga var å køyre tømmeret over heia til Frøyrak, med hest. Men Olav Kile ville heller støyte lasta ut i juvet, og fløyte dette til Byglandsfjorden. Dei vart ikkje einige. Hogsten vart difor dela, og helfta kom etterkvart fram til Frøyrak. Den andre helfta vart støytt ut i juvet ved Steebekken, men det var berre flis som kom ut til Mele hermde folk i mange år etterpå. Olav Kile var frå Tovdal, som ligg i aust, difor namnet Austmannsvelta.
Strengen
Dette er eit kartnamn på omlag same staden som Austmannsvelta, og det er også knytta til tømmerhogst i same område, men ein del år seinare. Knut Bygland hadde fått opp ein traktor ved Bytingsbekken, teke av det eine dekket, og nytta felgen til vinsje tømmer over juvet på ein 200 meter lang wire som var spent tvert over. Her var juvet 90 meter djupt, så han vinsja seg sjølv over når det trongst, har Birgit Skjevrak Skeie fortald.
Kraftverk
Melåni gjer to litt større fall, og det eine er ved utlaupet ved Mele. Fallet er på rundt 25 meters høgde, og dette har familien Skjevrak Skeie utnytta til kraftproduksjon. Det er mange mindre bekkefall som vert utbygd nå i 2012, men i Melåni var dei alt i gong med arbeidet i 1996-97. Krafta frå Melefallet kraftverk vert ført i kabel over til kraftlina på austsida av fjorden.
Kjelder
- Johannes Skar: Gamalt or Sætesdal, band 2.
- Astri Fritsen og Pål Kongsgården: Kvartergeologi og anvendt geologi i Setesdalen. Bergen 1982. bind 1, side 79,86, 93, 96.
- Statens Kartverk, Berggrunnskart Mandal frå 1982.
- Google Earth
- Byglands soge, 1939/1970, Skogbruket, Nils Nersten, side 292,304,310.
- Sigurd Bø.
- Olav T. Frøyrak.
- Birgit Skjevrak Skeie.
Kart
Fleire bilete frå Melejuvet
(Klikk på bileta for å få dei større)