Lislestog
Lislestog (Morten Henriksen-samlinga) er eit friluftsmuseum og ei samling av gamle bygningar under Setesdalsmuseet. Samlinga ligg i Bykle kyrkjebygd i Bykle.
I samlinga er det elleve tømmerbygningar og mange gjenstandar etter kunstmålaren Morten Henriksen. Henriksen var frå Oslo, men budde i Bykle om sommaren med kona si. Husa er ikkje sette opp som eit tradisjonelt rekkjetun som har vore vanleg i Setesdal, men er plassert etter som det høvde på tunet i løpet av 1960- og 1970-talet.
Det vart skipa ei stifting som overtok samlinga for å gjere den tilgjengeleg for ålmenta. Seinare vart det også flutt hit eit nytt tømra hus som vart bygd i samband med OL på Lillehammer. Dette er bruka til kursverksemd for husflid og handverk. I tunet er elles stoge, lopt, bu, stolpehus, badstoge, kvernhus og smie som er samla frå ulike gardstun og støylar i Bykle og Valle. Bygningane er frå 1600-talet og seinare.
Styre
Bykle kommunestyre valde i november 2019 nytt styre for Morten Henriksen-samlinga, som er det formelle namnet på stiftelsen:
- Bjørn Erling Auestad, leiar
- Else Gyro Rysstad, nestleiar
- Tobias Nomeland-Strømsøe
- Jørgine Mosdøl
- Hege Trydal
- Varamedlemmer
Kjelder
- Heimesida til Setesdalsmuseet
- Morten Henriksen-samlinga. Artikkel om nytt styre i Setesdølen nr. 88, 2019 side 2