Ragnhild Bjåen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnhild BjåenSymbol confirmed.svg
Ragnhild Bjåen.jpg
Født: 31. desember 1972 (52 år)

Ragnhild Bjåen (fødd 31. desember 1972) driv Bjåen FjellstoveBjåen lengst nord i Bykle. Etter vidaregåande skule gjekk ho husdyrlinja på Norges Landbrukshøgskole på Ås og vart cand.agric. i 1998. Ho har også teke praktisk pedagogisk utdanning innan naturbruk og naturfag i 2004 og etterutdanning innan entreprenørskap og matkultur og fått med seg eit år på folkekunstlinja i Rauland.

Frå 1999 til 2001 var Ragnhild Bjåen produksjonsrådgjevar i Tine Meieriet Sør, deretter var ho lærar på Voss jordbruksskule til 2007, då ho starta opp att Bjåen Fjellstove. Året etter fekk ho ei 30% stilling som lektor på Setesdal vidaregåande skule. I tillegg arbeider ho på Bjåen fellesfjøs.

Ho fekk ein andreplass på SP-lista i Bykle 2011 og vart vald inn som medlem av Bykle kommunestyre. Elles er ski, friluftsliv, jakt, folkekunst og handverk aktivitetar ho har glede av i fritida.

I 2020 gav ho ut boka Der reinen går er jorda freda saman med Tove Hertzberg.

Kjelder

Eksterne lenker