Britt Ingrid Andersen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Britt Ingrid AndersenSymbol confirmed.svg
Britt Ingrid Andersen og Owe Wathne.jpg
Britt Ingrid Andersen og Owe Wathne
prøver iPad i Evje kommunestyre
Født: 2. mai 1960 (58 år)

Britt Ingrid Andersen (født 2. mai 1960 på Setermoen) er konsulent i administrasjonen på Setesdal vidaregåande skule avdeling Hornnes.

Britt Ingrid vaks opp på Evje og gjekk på Hornnes gymnas si linje for handel og kontor. Sidan arbeidde ho i sentraladministrasjonen til Evje og Hornnes kommune, i administrasjonen til Agder Energi, som attføringskonsulent hos Setpro før ho fekk jobben ho har no.

Britt Ingrid Andersen stod på 3. plass på AP-lista i Evje og Hornnes 2011 og vart vald inn i Evje og Hornnes kommunestyre. Ho vart vald på nytt for perioden 2015-2019.

Ho er styreleiar i Setesdal Revisjonsdistrikt IKS og første varamann til Evje og Hornnes forliksråd og til plan- og bygningsrådet i Evje og Hornnes 2011. Frå 2018 er ho styremedlem i Setesdal Regionråd.

I fritida har ho vore ein aktiv støttespelar for Handballgruppa i Otra IL. Som politikar må ho og lese kommunale papir, men ho likar og å slappe av med ei god bok.

Kjelder[rediger]