Vidar Frøysnes

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Vidar FrøysnesSymbol unrelated.svg
Vidar Frøysnes.jpg
Født: 4. mars 1955 (64 år)

Vidar Frøysnes (fødd 4. mars 1955) har vore tenesteleiar og hatt ansvar for økonomi og personalansvar i Bygland kommune. Han har og vore næringssjef, kultursjef og plansjef, samt stabsjef hos rådmannen i Bygland. Men i 2007 reduserte han stillinga til ein deltidsjobb i kommunen, der han no har ansvar for plansaker. Han er og beredskapskoordinator i Bygland. Han er og lærar i musikkskulen som Bygland og Evje har saman. I tillegg arbeider han i familiebedrifta Movi Musikk som han har saman med kona Mona Ida Håvorstad Frøysnes.

Politisk engasjement[rediger]

Før familien kom til Bygland i 1982, hadde dei budd i Åseral. Der var Vidar Frøysnes aktiv i Kristeleg Folkeparti, og den første tida i Bygland var han og med i kommunestyret som representant for Bygland KrF. I den tida hadde han sentrale tillitsverv i fylkesstyret til KrF.

Vidar Frøysnes var toppkandidat på AP-lista i Bygland 2011 og ordførarkandidat til valet. Men Leiv Rygg (Sp) vart ordførar, og Frøysnes kommunestyrerepresentant. Han var også toppkandidat på AP-lista i Bygland 2015.

Han vaks opp i ein heim der faren, Hallvard Frøysnes, var i kommunestyre og formannskap og ordførar ein periode. Mor hans, Astrid Moi, var også kommunestyremedlem. I perioden då fire av fem medlemmer i formannskapet i Bygland var kvinner, var ho også med i formannskapet.

Musikar[rediger]

Vidar Frøysnes er aktiv musikar og spelar ei rekke instrument. Han er vokalist i Setesdal Roots Band og spelar i mange andre musikkgrupper, mellom andre Vidar Frøysnes Trio.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]