28. oktober 2018 vil Setesdalswiki være nede for oppgradering.

Tor Hallvard Mosdøl

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tor Hallvard MosdølSymbol unrelated.svg
Tor Hallvard Mosdøl.jpg
Født: 1. februar 1982 (36 år)

Tor Hallvard Mosdøl (fødd 1. februar 1982) var varaordførar i Bykle kommune frå hausten 2011 til hausten 2015. Han bytta også jobb frå stilling som marknadskonsulent Bykle Breiband til å verte kyrkjeverje i Bykle sokneråd i 2011. Han er gift med Jørgine Sofie Morstøl frå Isfjorden.

Utdanning og arbeid[rediger]

Etter ungdomsskulen reiste Tor Hallvard Mosdøl til Kvitsund Gymnas i Kviteseid. Han var russepresident det året han avslutta gymnaset og i samband med det vervet var han innsamlingsleiar til russeprosjektet 2001 som fekk inn 250.000 kroner. Deretter gjekk han på musikklinja på Bibelskolen i Grimstad i to år før han i 2003 busette seg i Kristiansand og studerte avis- og nettjournalistikk retta mot samfunnsfag på Høgskolen i Agder og Mediehøgskolen Gimlekollen. I 2006 tok han bachelorgrad i faget. Deretter fekk han seg ei årseining i Innovasjon og entreprenørskap på Høgskolen i Telemark før han i 2009 tok Styrekompetanse I på Handelshøyskolen BI.

Heilt frå 1995 har han vore avløysar på familiegarden i Bykle som faren Tor Mosdøl driv. Etter at han var ferdig på Bibelskolen i Grimstad i 2002, var han journalist i Gardens Mediesenter med ansvar for HM Kongens Gardes eksterne kommunikasjon (nettsider og trykte medier). Samstundes arbeidde han i Mediehuset Vårt Land med sal av abonnement på Ukeavisen Ledelse. Medan han var student i Kristiansand, var han frilansar og sommarvikar i Fædrelandsvennen sin nyhetsredaksjon. I 2007 flytta han heim til Bykle att og vart dagleg leiar, styreleiar og medeigar i Bykle Mat AS der han arbeidde med produkt- og strategiutvikling, økonomistyring, sal og marknadsføring mot privat- og bedriftsmarknad, kundeservice og administrasjon. Samstundes arbeidde han og som marknadskonsulent i Bykle Breiband.

Fritid og politisk engasjement[rediger]

Fotball, langrenn, telemarkski, jakt og politikk har vore fritidsinteressane hans. I 2009 vart han leiar av Bykle Senterparti og han stod på topp på SP-lista i Bykle 2011. Saman med Ragnhild Bjåen vart han vald inn i Bykle kommunestyre ved kommunevalet 2011. Ved valet i 2015 vart han attvald til kommunestyret.

Kjelder[rediger]