Sigbjørn Åge Fossdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigbjørn Åge FossdalSymbol unrelated.svg
Sigbjørn Åge Fossdal 041120.jpg
Sigbjørn Å. Fossdal.
Født: 6. februar 1955 (70 år)

Sigbjørn Åge Fossdal (fødd 6. februar 1955) er ordførar i Bygland kommune. Før det var han tenesteleiar for avdeling Teknisk drift og eigedom i Bykle kommune. Han bur i Bygland kommune. Han er nestleiar i Setesdal Brannvesen IKS og varamedlem til styret i Setesdal Miljø og Gjenvinning IKS. Han driv og sitt eige takstfirma, Fossdal Takst & Eiendom. På nasjonalt plan er han medlem av samfunnsutviklingskomiteen i Norsk Vann, eit selskap som norske kommunar har oppretta for å samordne interessar når det gjeld vann og avløp.

Politisk engasjement

Sigbjørn er aktiv i poltisk verksemd. Han var leiar for Bygland Arbeidarparti til 2018, og med i Bygland kommunestyre i perioden 2011-2015 og attvald for 2015-2019. Ved kommunevalet i 2019 blei han på ny vald inn i kommunestyret. I eit samarbeid med Setesdalslista 2019 og Bygland Høgre er partia einige om at han skal vere ordførar i Bygland for perioden 2019-2023.


Forgjenger:
 Leiv Rygg Langerak 
Ordførar i Bygland
(2019–)
Etterfølger:
  

Kjelder