Smaken av Setesdal

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Smaken av Setesdal er eit prosjekt som Setesdal Regionråd etablerte i 2010 for å setje fokus på «kortreist mat», kvalitet, lokal foredling og verdiskaping. Målet var å gjere Setesdal til eit reisemål for mat og matopplevingar.

Hausten 2013 vart prosjektet gjort om til eit samvirketiltak (SA). Smaken av Setesdal hadde i 2015 16 medlemmer, plasserte rundt omkring i heile distriktet. Prosjektleiar var Øyvind Nese. Kontoret låg i Sentrumsbygget midt i Evje sentrum.

15. juni 2015 opna samvirket også gardsbutikk med sal av lokal mat i Sentrumsbygget. Christine Haddeland frå Høgetveit i Evje var tilsett som butikksjef. Butikken blei nedlagt ei tid seinare.

I 2022 blei samvirketiltaket (SA) oppløyst. Merkevara Smaken av Setesdal er overtatt av Setesdal Regionråd, og eksisterar vidare i ei anna driftsform.

Hefte

For å presentere prosjektet laga ein i 2011 eit hefte der ein presenterte nokre av dei som produserer nisjeprodukt i Setesdal:

  1. Hodne gard
  2. Karen Marie og Gunnar Wikstøl (Engheim gard)
  3. Bjellås Bigård
  4. Jordbærfestivalen
  5. Tine Meieriet Setesdal
  6. Matmarknaden på Ose og Ose Mat og Kultur
  7. Bergtun
  8. Tytingen
  9. Wenche og Sjur Høgetveit
  10. Bykle Hotell
  11. Fjellgarden Hovden
  12. Bjåen Turisthytte
  13. Bjåen Fjellstove
  14. Brokkestøylen
  15. Tone Austad og Arne Bjørgum
  16. Sigrid Nersten Lunden og Dagfinn Lunden
  17. Mari Rygg
  18. Mikkjel Skjevrak
  19. Ose Turistheim
  20. Bjoraa Aquaponics
  21. Setesdalsgildet

Kjelder

Eksterne lenker