Olaf Henrik Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olaf Henrik HommeSymbol unrelated.svg
Født: 15. august 1945 (74 år)

Olaf Henrik Homme (fødd 15. august 1945) er tidlegare varaordførar i Valle kommune. Han var medlem av kommunestyret i Valle i sju periodar, 28 år, for Valle Arbeidarparti. Han var varaordførar frå 1999 til 2007, den perioden Steinar Kyrvestad frå Valle Senterparti var ordførar. Han var tilsett som vedlikehaldsarbeidar i Valle kommune, ein jobb han begynte i i 1985.

Før han fekk jobb i Valle kommune, arbeidde Olaf Henrik Homme i ulike jobbar. Han var på anlegg, arbeidde for Saavi Nomelands entreprenørfirma, han var bilmekanikar på Kristiansand Auto og jobba både for Kruse Smith og på Falconbridge.

Olaf Henrik Homme er gift med Berit Homme. Dei bur på Rysstadmo.

2. desember 2011 vart han tildelt Norske Kommuners Sentralforbunds hederstegn for si lange teneste i Valle kommunestyre.