Setesdalswiki:Konkurranse april 2015

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdalswiki:Konkurranse april 2015 er ei side for å arrangere ein konkurranse i april. Konkurransen går på Facebooksida til Setesdalswiki. Spørsmåla blir lagt ut her og der kvar dag i april. Den første som svarar rett, blir notert opp her, og når april er over, blir det trekning mellom vinnarane og utdeling av premie. Svara kan ein finne på Setesdalswiki. Spørsmåla gjeld både Setesdal og setesdølar.

Premie og trekking

Då er trekninga gjort. Eg hadde lappar med nr. 1-30 i ein kopp, rista godt og let kona mi trekke. Det vart nr. 11 som vann, 11. april 2015 og som eg skreiv på Valle Radios blogg om sponsing tysdag 28. april 2015, er premien Inger Lise Stuliens plate Berre deg, sponsa av Setesdal Regionråd. Gratulerer, Toril Dale, eg kjem innom med premien i neste veke.

1. april 2015

Vi skal til ein stad med lange tradisjonar som har fornya seg på mange måtar og i dag har eigne produkt basert på lokale råvarer å selje. Eigaren er fødd i mars og hadde rundt tal i år.

2. april 2015

På denne flotte skjærtorsdagen med sol frå klar himmel over heile Agder, skal vi til den høgaste fjelltoppen i Bygland på austsida av Otra.

3. april 2015

I påska har han som så mange andre gjort byklar av seg, men han er kjent i heile Setesdal. Han har budd to år på Evje, lenger i Nord-Norge, og enda lenger i utlandet.

4. april 2015

Spørsmålet i dag er kva vegen heiter som går frå Bjørndalsvatnet til Nedre Øyvatn.

5. april 2015

Denne brua er kanskje den flottaste brua på Turistforeninga sitt løypenett i Noreg.

  • Kvibru var rett svar. Tora Verpe Dale fann svaret.

6. april 2015

I dag vil jeg vite hvem som er pastor i Setesdal baptistmenighet.

7. april 2015

Han har 20 maleri i Bykle kommunestyresal.

8. april 2015

Denne hytta gav Vegvesenet som jubileumsgåve til KOT då foreninga fylde 100 år.

9. april 2015

På denne dagen spør eg etter namnet på den lærarutdanna kontoristen og motstandsmannen som har fått ei gate oppkalt etter seg på Evje.

10. april 2015

Veit du kven av dei banktilsette i Setesdal som har vore sjømann.

11. april 2015

Aust for dette vatnet vart det for vel fem år sidan skoen ein jerv.

12. april 2015

I kulturåret 1997 peika Evje og Hornnes ut eit spesielt kulturminne. Veit du kva det var.

13. april 2015

Veit du kven som fyller 99 år i dag.

14. april 2015

Kva er tittelen på den nyaste plata til Inger Lise Stulien?

15. april 2015

Kven delte ut Setesdalsprisen i 2013?

16. april 2015

Kven tok den første norske doktorgraden om biletbøker og illustrerte bøker?

17. april 2015

Kven har skrive dikta i diktsamlinga Ljoslandet?

18. april 2015

Kva heiter dei gamle slåttetypane som ofte blir spelte med gorrlaus bass?

19. april 2015

Gunnar Heistein har skrive ein sang til Bygland. Kva heiter den?

20. april 2015

Han er lærarutdanna predikant og har talt både på Fellesmøter på Evje og jolemessa på Rysstad.

21. april 2015

Han var ordførar i Bygland i tolv år, kona heitte Laura Wilhelmine Josefine

22. april 2015

I 1922 blei han overlærar på lærarskulen i Kristiansand, han var oppteken av målsak og fråhaldssak.

23. april 2015

Ved denne kyrkja er det ein runestein med inskripsjonen «Hjalpi Guð ǫndu».

24. april 2015

Kva heiter det høgaste fjellet i Sirdal kommune?

25. april 2015

Han var den siste ordføraren i Hornnes kommune

26. april 2015

Kven har konsert i Årdal kyrkje i kveld klokka 19.30?

27. april 2015

Kva heiter årsskriftet som Evje og Hornnes sogelag gir ut?

28. april 2015

Kva heiter dagleg leiar i Småkraftforeninga?

29. april 2015

Ein norsk advokat hadde verneplikta si på Evjemoen og underviste då i rettslære på Hornnes gymnas. I 2014 var han tilbake i Setesdal og heldt foredrag. Kven var det?

30. april 2015

«Heit du fa`i min» er tittelen på ein slått i Telemark. Kva heiter slåtten i Setesdal?