Gorrlaus

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Gorrlaus er ein måte å stemme hardingfele på. Strengene vert stemde i f-c'-a'-e". Den er brukt i norsk folkemusikk og gjev ein mørkare klang. Ordet kjem av gorr, som betyr «særeigen» eller «ekstra mykje» og laus, som kjem av at G-strengen vert stemd ned (vert laus), noko som gjev ein særeigen klang.

Denne måten å stemme hardingfela på vert brukt i rammeslåttane, som ein reknar for å vere svært gamle slåttar, namnet rammeslått er til og med brukt i islendingesagaene. I desse slåttane vert G-strengen ein bordun som kling med heile tida under melodispelet.

Det er bare ein handfull slåttar i Setesdal som vert spelt på «gorrlaus bas». Den er likevel mest kjent innan setesdalspelet, det er sjeldan ein talar om gorrlaus stille i andre tradisjonar.

Slåttar

Eksterne lenker