Årdal kyrkje
![](/w/images/thumb/5/54/%C3%85rdal_kyrkje_2007.jpg/150px-%C3%85rdal_kyrkje_2007.jpg)
Årdal kyrkje ligg vest for Riksveg 9 i Grendi i Bygland kommune. På vestsida av kyrkja ligg Årdalsfjorden. Ho er soknekyrkje for Årdal sokn i Bygland kyrkjelege fellesråd. Den åttekanta, tømra kyrkja vart bygd på Lande sin grunn i 1827-'28 av Anders Torson Syrtveit (og kjend som «Anders kyrkjebyggjar»). I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar.
Den eldste delen av kyrkjegarden er rundt kyrkja, men eit nytt felt har blitt laga til på austsida av Riksveg 9, nord for vegen som går opp til Lande og Hovstad. På den eldste delen er mellom anna bautaer reiste over eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande og folkeminnesamlaren Johannes Skar. På denne delen av kyrkjegarden er og ein avbroten runestein reist, han vart funnen innemura i sakristitrappa i 1881. Informasjonstavla fortel at dette er eit gravminne frå tidleg mellomalder (1050–1150). På norrønt er den delen som er att av inskripsjonen Hjalpi Guð ǫndu, noko som tyder omlag «Gud hjelpe [NN sin] ande». Namnet til den teksten gjeld stod på den no tapte delen av steinen.
Parkeringsplass finst nord for kyrkja, på vestsida av vegen, men og aust for kyrkja på den andre sida av riksvegen. Desse vart laga i 1980.
Kyrkjelyden og aktivitetar
Kyrkja sitt nedslagsfelt er frå Byglandsfjord og Senum i sør til Longerak i nord[1]. I området er omlag 500 personar busett. Ved sidan av reine kyrkjelege aktiviteter nyttast ho og til konsertar. Meir spesifike detaljar om aktivitetar og besøkstal finst i soknet sin artikkel.
Frå gamalt av til no
Fyrste gongen ei kyrkje i Årdal vert nemnt i ei skriftleg kjelde var i 1327 i samband med ein paveleg skatt. I Agders historie: 800-1350 nemner Torbjørn Låg at prestebolet åtte ein part på to hudar i Stussåker under Greibrokk (som dei hadde to og ein halv hud i), og han trur at Årdal sin prestebustad i høgmellomalderen kan ha vore der[2].
Den gamle stavkyrkja vart riven i 1604[3], men den nye som då blei reist var etter mindre enn 60 år «so medteki» at Ifuer Snedker måtte reparera henne. Frå 1723 kom kyrkja i Årdal i privat eige, bygdefolket betalde 40 riksdalar for henne. Samstundes fekk dei 3 kalvskinn i Bø og 6 i Lande. Kyrkja omtalas i 1812 av biskop Sørensen etter ein visitas som «vel vedligeholdt», men truleg kan kyrkjelyden snarleg ha blitt for stor for henne for rundt 1825 byrja arbeidet med å få ei ny kyrkje. Reidar Bolling fortel i Byglands soge om folketalet at «I 1625 var det berre 8 bønder og 6 husmenn i heile soknet, men i 1812 var det 39 gardar og 267 menneskje.»[4].
Kyrkja som vart reist i 1827-'28 hadde berre ein prekestol. I rasjonaliteten sitt namn var den satt over altaret, eit preikestolaltar (ikkje uvanleg i kyrkjer i gruvesamfunn). I seinare tid har kyrkja fått ein til, til høgre for altaret sett frå kyrkjelyden. Kyrkja var i 1955 nymåla og hadde fått elektrisk ljosanlegg[5].
Inventar
Ei brødøskje i sylv gitt til Bygland kyrkje rundt 1700 av han som var prest frå 1695 til 1732, Peder Christophersen, var i 1938 i kyrkja[6]. Døypefonten er av tre. Kyrkjeklokka er laga av Hans Mo frå Christianssand i 1805 og har inskripsjonen «Soli Deo Gloria». Bolling fortel at kyrkja i 1939 hadde to lysekronor og eit gamalt døypefat[7].
Orgelet
I 1962 hadde kyrkja eit harmonium bygd av Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk i 1958. Det hadde to manualar og pedal[8].
Det gamle elektriske orgelet blei i 2012 bytt ut med eit engelsk frå 1885 som har fem stemmar fordelt på eitt manual og pedal. Det blei bygd av Henry Jones i 1885 for ei kyrkje i London, og kom med god hjelp frå Lund kyrkje i Kristiansand sin kantor, Johan Varen Ugland, til Årdal. Før det kom på plass blei det restaurera av orgelbyggjaren Elmar Krawinkel. Han utvida det samstundes med ekstra piper i pedalstemmen (Bourdon 16') så den no har tjueni tonar i staden for seksten.
- Disposisjon
- Koppel
- Hovedverk med pedal
- Pedal
- Bourdon 16'
- Manual
- Open Diapason 8' (f-g3)
- Open Diapason Bass 8' (C-e1)
- Ledig for svell
- Ledig for svell
- Gedact 8'
- Gamba 8' (C-H felles med Gedact)
- Principal 4'
- Ventil
Bland eldsjelane for å få eit pipeorgel til kyrkja er organistane Britt G. Haugen og Eilert Hægeland, og seinare Hildegunn Richards. For å ordne økonomien har og mange vore aktive, frå barnekoret på Byglandsfjord til lokale bankar, kommunen og Mari og Sveinung Skjevraks legat.[9]
Ansvarlege
Kyrkjetenarar og klokkarar
- 2014 Olav Sordal
Organistar
- Gunstein P. Lauvdal (f. 1884)[10]
- Signe Syvertsen, Byglandsfjord, frå 1957[11]
- Eilert Hægeland
- Britt G. Haugen
- Hildegunn Richards
Galleri
Fotnoter
- ↑ Skjevesland, 2003
- ↑ Låg 199, s. 403.
- ↑ Norges bebyggelse, s. 70.
- ↑ Bolling: Byglands soge s. 370.
- ↑ Norges bebyggelse, s. 114.
- ↑ Bolling: Festskrift 1937 s. 23.
- ↑ Bolling: Byglands soge s. 370.
- ↑ Johnsen 1962, s. 134.
- ↑ Bygland kyrkjelege fellesråd s. 7.
- ↑ Johnsen 1962, s. 134.
- ↑ Johnsen 1962, s. 134.
Kjelder
- Bolling, Reidar: Byglands soge, Kristiansand : s.n., 1939, 489 s. ill. (bokhylla.no)
- Bolling, Reidar: Kyrkjeliv i Bygland : festskrift til 100 års dagen for Bygland kyrkje 18. november 1938, s. 23, Kristiansand : Fædrelandsvennen, 1937, 157 s. ill., port. (Vitja 25. oktober 2014).
- Bygland kyrkjelege fellesråd: Orgelet i Årdal kyrkje, hft. 2012.
- Johnsen, Jørg: Organister og orgler i Agder bispedømme, Kristiansand : s.n., 1962, 143 s. ill. (bokhylla.no)
- Låg, Torbjørn: Agders historie. Bind 1 : 800-1350, Kristiansand : Laget, 1999, 508 s. ill. ISBN 8290575246 (bokhylla.no)
- Norges bebyggelse: Sørlige seksjon Herredsbindet for Aust-Agder Vestre del, Oslo : Norsk faglitteratur, 1956, 1047 s. (bokhylla.no)
- Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker 1993 ISBN 82-7527-022-7 side 467
- Skjevesland, Olav: Visitasforedrag ved bispevisitas i Bygland 29. oktober – 2. november 2003 på Agder og Telemark bispedøme sine nettsider På Setesdalswiki
- Årdal kyrkje har kome meir til syne. Artikkel i Setesdølen nr. 71, 1980 side 5
Kyrkjer og forsamlingshus i Bygland kommune | ||
Årdal kyrkje · Bygland kyrkje · Sandnes kapell · Sandnes kyrkje · Austad kyrkje | ||
Fredheim bedehus · Grendi bedehus · Vonheim bedehus | ||
Lokomotivstallen på Byglandsfjord · Bygdestova på Longerak · Grendi skule · Ose grendehus · Åraksbø grendehus |