Reidar Fritzvold
Reidar Fritzvold | ||
---|---|---|
Født: | 23. april 1920 | |
Død: | 18. januar 1998 (77 år) |
Reidar Fritzvold (fødd 23. april 1920 i Oslo, død 18. januar 1998) var ein norsk kunstmaler. Han vaks opp på Tønsaker i Eidsvoll, men då han kom i skulealder, flytte familien tilbake til Oslo, der han sidan har budd. Fritzvold er spesielt knytta til Setesdal og Bykle kommune. Frå 1951 har han i store deler av året vore i Bykle, og i heile 40 år måla han bilete med motiv frå Bykle. I 1980-åra kjøpte Bykle kommune samlinga hans med motiv frå kommunen.
Biografi
Frå 1936 til 1942 gjekk Reidar Fritzvold på Statens Håndverks og Kunstindustriskole i Oslo. Her hadde han mellom andre Per Krogh til lærar. Samstundes studerte han på Statens Kunstakademi under Axel Revold. Han har og studert med Henrik Sørensen. Alle desse hadde vore elevar hos Henri Matisse.
I 1951 kom Fritzvold til Setesdal fyrste gongen. Han budde då i Åraksbø og hadde det ikkje vore for at han hadde ein liten jobb som teiknelærar i Oslo, hadde han truleg slått seg til der. Men slik vart det ikkje, i staden vart det etter kvart Bykle som fanga interessa hans.
Bykle
Fritzvold måla i Bykle før den store utbygginga starta. Mange av motiva hans er no under vatn. Ein periode var det vanskeleg for han å kome attende til Bykle, han følte at kraftutbygginga hadde øydelagt bygda. Mange av bileta hans frå Bykle vart selde i samband med utstillingar.
Men han tok vare på over 20 måleri som han ikkje sette ut for sal. Då Bykle rådhus vart bygd på 1980-talet, spurde kommunen om han hadde bilete dei kunne nytte til utsmykking i bygget. Det enda med at han selde heile samlinga si til kommunen, under føresetnad av at dei vart hangande i kommunestyresalen, med mindre kommunen fann ein meir eigna plass. Han ville ikkje at samlinga skulle stykkast opp.
Motiva i Byklesamlinga
Titlane på bileta seier noko om motiva i Byklesamlinga:
- «Vår. Hovden i Setesdal»
- «Juvet i Gylii»
- «Sarvsfossen» 1954
- «Sumardag» 1961. Forsidebilete på boka Frå Gylii til Bjåne
Kjelder
- Jon Bjones: Eg har sett eit land med fri flyt av fossar... Artikkel i Jol i Setesdal 1992