Vilborg Stubseid Hovet
Vilborg Stubseid Hovet | ||
---|---|---|
Født: | 10. desember 1939 (85 år) |
Vilborg Stubseid Hovet (fødd 10. desember 1939 på Austad) var høgskulelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 1997 til ho vart førsteamanuensis og deretter pensjonist. Ho er cand.philol. med hovudfag i norsk frå Universitetet i Oslo 1969. Hovudoppgåva hennar var Hans E. Kincks novellekunst med særlig vekt på «Masker og mennesker». I 2006 tok ho dr.art.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga Når ord blir bilete og bilete tekst. Ei undersøkjing av korleis meining blir skapt i Frøydis Haavardsholms illustrasjonskunst med særleg vekt på Hans-Henrik Holm: Jonsok-natt.. Dette var den første norske doktorgraden om biletbøker og illustrerte bøker.
Før ho tok til å studere, var Vilborg Stubseid Hovet i 1959-60 lærar eit år ved Krøderen 5-delte skole. Frå 1969 til 1971 var ho lektor ved Ski gymnas. Ho slutta der då ho fekk stipendiatstilling i NRK og var deretter knytt til NRK Fjernsynet som programsekretær frå 1972 til 1976. Frå 1976 til 1997 var ho lektor ved Berg videregående skole i Oslo, fram til 1980 var ho og frilans knytt til NRK Radio.
Familie
Ho var gift med Tor Hovet, som døydde i 2011. Barna deira er Kristian Hovet, Olav Bendik Hovet og Astrid Hovet. Vilborg Hovet er syster til Gunnar Stubseid og dotter til Kristian Stubseid.
Bibliografi
- Eldste preikestol i landet i eit bårehus på Austad i Bygland. I Årbok for Agder bispedøme 1977, s.105–09
- Knut Jonsson Heddi. I Olav Bø: Setesdal. Folk, kunst og tradisjon, s. 162–73. Grøndahl 1980
- Der var vilde sagn i jorden: språk og tradisjon i Hans E. Kincks setesdalsnoveller. I Gunnar Bustø (red.): Perspektiver på Hans E. Kincks forfatterskap. Cappelen 1996. ISBN 82-456-0165-9
- Når ord blir bilete og bilete tekst : ei undersøkjing av korleis meining blir skapt i Frøydis Haavardsholms illustrasjonskunst med særlig vekt på Hans-Henrik Holm: Jonsok-natt. Det historisk-filosofiske fakultetet, Universitetet i Bergen, 2006 - 331, 97 s. : ill. - Avhandling (dr.art.) ISBN 82-308-0230-0
- Undine : ei kvinne frå havet. I Bokvennen 1/2008
- Den illustrerte boka : historia om norsk bokillustrasjon. Unipub forlag - Oslo Academic Press , 2011 ISBN 978-827-477-4704
- Kva er ei bok? : den illustrerte papirboka i ei digital tid. Vidarforlaget 2018 ISBN 978-82-7990-348-2
- Eldri Olsdotter Austad – kven var det? Og kva hadde ho gjort for å risikere å bli send til omskolering i Kristiansand tukthus?. Artikkel i Jol i Setesdal 2021 side 20–30
Eksterne lenker
- Om doktorgraden til Vilborg Stubseid Hovet
- Presentasjon hos hisf.no
- Foredraget Boka, kunsten og litteraturen
- Førsteamanuensis Tone Birkelands anmeldelse av Den illustrerte boka
- Bibliotekar Morten Haugens anmeldelse av Den illustrerte boka
- Professor Tore Rems anmeldelse av Den illustrerte boka i eavis.aftenposten.no (krev abonnement)
- Jakob Sande og kunstnarløna. Kronikk i bt.no
- Vilborg Stubseid Hovet i christin.no