Håhellerhytta

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Håhellerhytta

Håhellerhytta er ei lita turisthytte som ligg ikkje så langt i frå Brokke-Suleskarvegen og Rosskreppdammen. Eigar er DNT Sør, som tidlegare heitte KOT, Kristiansand og Opplands Turistforening. Frå Håhellerhytta har dei vidare løypenett mot Taumevatn, Øyuvsbu og Gaukhei turisthytte.

Denne hytta er for sjølvstell og er utan proviant. Ho har sengeplass til 9 personar og det er eigen stad for hund. Dagens hytte vart sett opp i 1950, og opprusta i 1995. Mange turfolk finn hytta triveleg men det er og nokre som heller gjeng vidare.

Historikk[rediger]

Like attom hytta finn ein den største naturlege hellaren i Setesdal, Håhedder. Her skal det vera overnattingsplass for 15-16 vaksne, om det skulle vera fullt i hytta. I tidlegare tider reikna ein med at det ville take 17 timar å gå heile vegen mellom Brokke og Suleskaret, difor var ein nøydd til å ha ei overnatting under hellaren. I 1818, under naudsåra under Napoleonskrigane, busette to nygifte par seg i Håhedder. Dei ville ma. driva ei fjellstove for vegfarande, og ferja dei over Håheddervadet. Dei heldt fyrst til i ei fiskarbu som truleg sto innunder fjellet. Seinare sette dei opp husvære like nedafor, og var bufast her fram til 1844. Det let seg ikkje gjera å dyrka korn på ein slik stad, men spor etter kultivering i dei mest solvendte bakkane syner at ein har freista dyrka potetar og anna, men også dette måtte gjevast opp. Så det vart til å slå graset og halda husdyr.

I dei 26 åra mellom 1818 og 1844 budde det heile tida to familiar samstundes her, men det var ikkje dei same folka heile tida. Til sist flytta dei attende til Sirdal, der dei hadde kome frå. Bygga vart rivne og materialene tekne med på flyttelasset. Borna i desse to familiane gifta seg seinare med kvarandre, og ein av dei vart sidan kjend som «Ola Målar» på Sinnes.

Etter at husa var borte, laut vegfarande igjen søkja ly innunder hellaren fram til 1867. Då sette styresmaktene opp ei ny bu for overnatting på dei gamle tuftene. Men det var ulikt syn på bruk av hytta mellom sportsfiskarar og gjætarar, noko som ga mykje klager. Folk og krøtter måtte overnatte i same rom. Difor vart det sett opp eit tilbygg i 1912 som inneheldt 4 dobbeltsenger og komfyr. Forholda vart betre og overnattinga gratis. Ei ny fjellstove vart sett opp i 1950, og i 1965 kom det bilveg frå Suleskar inn i heia i samband med kraftutbygging. Så i 1987 ga Vegvesenet denne hytta som jubileumsgåve til KOT då foreninga fylde 100 år.

I 1990 kom det samanhengande bilveg mellom Sirdal og Setesdal på tvers av løypene mot Øyuvsbu og Håhellerhytta. Dette endra måten å gå heiane på i dette området, men Håhellerhytta vart framleis bruka av folk som ma. ville oppleva heielivet på ein enkel måte, ikkje så langt frå bilveg.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Bilete frå Håhellerområdet[rediger]