Tormod Uleberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tormod UlebergSymbol unrelated.svg
Tormod Uleberg.jpg
Født: 17. april 1938 (80 år)

Tormod Uleberg (fødd 17. april 1938 i Hornnes) var journalist i fleire aviser. Etter at han var ferdig med eksamen artium på Hornnes landsgymnas, vart han journalistlærling i Agder Tidend i 1959. Sidan skreiv han i Dagbladet Sørlandet før han i 1979 kom til Fædrelandsvenne. På vegen dit hadde han fullført Journalistakademiet i Oslo i 1961. Han var også aktiv idrottsmann for Evje IL, BUL og KIF.

Musikk[rediger]

I 1989 starta han «Tormods time» på Radio Loland, eit musikkprogram som han laga i mange år og som no går i reprise kvar veke. Han laga også kåseri og musikkprogram for NRK, riksnettet, frå 60-talet og utover. Han kjem frå ein musikalsk familie der mange spelemenn var innom på besøk, men sjølv lærte han bare halve Filleværen. Av spelemenn som besøkte heimen der Tormod Uleberg vaks opp nemner han Torleiv Frøyså, Anders K. Rysstad, Såvi Rysstad, Gunnar Austegard, Halvdan Furholt, Grunde Austad, Dreng Ose og Olav Heggland. Og morfar hans, Tomas Liestøl, var ein god spelemann. Sjølv spelar han CD, og han har skrive om musikk i både Dagbladet, Adresseavisen og Pop Nytt.

Litteratur[rediger]

Frå han var liten, har Tormod Uleberg skrive dikt. I 2007 samla han dei i boka LjoslandetSetesdalsforlaget. Men med unntak av ei bok om kreftspesialisten Lorentz Nitter ved Radiumhospitalet har skrivinga hans gjennom livet vore for aviser i tillegg til ein og annan artikkel for Jol i Setesdal.

Bibliografi[rediger]

Eksterne lenker[rediger]