Nils Hegland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nils Hegland
Nils Hegland.jpg
Foto: Ukjent
Født: 14. november 1900
Død: 3. mars 1945 (44 år)

Nils Hegland (fødd 14. november 1900 i Evje, død 3. mars 1945 i tysk krigsfangenskap) var kontorist og motstandsmann under andre verdskrigen.

Hegland var utdanna lærar. Men han var først tilsett i Norsk Feltspat Co, og arbeidde ved Evje Feltspatmølle på stasjonsområdet i Evje sentrum.[1] Frå 1927 arbeidde han som kontorist på Evje nikkelverk. Han var også ansvarleg for biblioteket i bygda, som var i eit bygg («det raude Kjetsaa-huset») bak der Evje Optik no held til. Han var son til Johan Hegland, fødd 10. april 1873 i Gyland, og Tonette Hegland, fødd 21. juli 1878.

Dødsannonse etter Nils Hegland.

Hegland var leiar i skilaget Ørnen då 2. verdskrigen braut ut. Under okkupasjonen var han aktivt med som leiar i Milorg i Evje.[2] Han blei arrestert av tyskerane 20. januar 1943[3] og var i tysk krigsfangenskap til han døydde. 15. februar 1943 kom han til Grini fangeleir. Han blei saman med mange andre sørlendingar 10. juni 1943 sendt med fangeskipet Monte Rosa til Århus i Danmark. Så var han i Natzweiler - Struthof konsentrasjonsleir i Frankrike frå 15. juni 1943 til 5. september 1944. Frå 6. september 1944 var han i Dachau konsentrasjonsleir i Tyskland. Han kom til sist til Mauthausen fangeleir i noverande Austerrike. Her blei han sendt til underleiren Melk. I fangeleiren arbeidde han i eit sandtak. Der vart han utsett for ei ulukke, og den eine foten vart øydelagt. Han kom på sjukehus. Den allmenne helsetilstanden etter opphaldet i dei ulike fangeleirane var nok også dårleg. Her døydde han 3. mars 1945.

Namnet til Nils Hegland er hoggen inn i Minnesteinen ved Evje kyrkje, som er reist til minne om dei frå Evje som sette livet til for fedrelandet i krigen 1940-1945. Gata gjennom Evje sentrum, frå avkjøyrsla frå RV-9 sør for Info-bygget til ho møter Arendalsvegen nord for sentrum, heiter Nils Heglands veg. 9. april 1948 blei han, post mortem, tildelt Krigsmedaljen av Kong Haakon for å ha tjenestegjort i Heimestyrkane og døydd for Noregs sak.

Under årsmøtet i det nyskipa Evje idrettslag 8. desember 1945 sa Olav Moe fram nokre vakre minneord om tre av idrettsvenene som ikkje var komen heim att frå Tyskland. Mellom desse var altså Hegland:

Sitat - Nils Hegland var ei sjeldan kraft for idretten i Evje, og vi saknar han mykje. Når vi i dag er komne så langt at vi har to fine hoppbakkar - ein for øving og ein for tevling - så er det mykje Nils Hegland å takke for dette, for det var nok Nils Hegland som gjorde det fyrste spataket i Trollbakken også. Det gjer oss svært vondt å høyra kva desse tre måtte lida før dei bukka under. Men den ånd som var den drivande krafta i idrettsarbeidet deira, skal ikkje døy. Ho skal leva i oss som skal arbeida vidare for framgang og til signing for folk og land.Sitat
– Olav Moe

Referansar[rediger]

  1. Sigmund Monen, Evje nikkelverk og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 86
  2. Kristen Taraldsen, Frihetens flamme - major Laudal og hans menn, Fædrelandsvennen, 1994, s. 110
  3. Våre falne 1939-1945, band II, Grøndahl, 1950, s. 264

Kjelder[rediger]