Kvibru

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilbrua som vart mest til nytte for sauer og fotfolk.
Arbeidslaget som bygde brua i 1923-24. Foto frå Sirdølen nettavis.
Foto: Ragnvald Eikestøl
Flyfoto av Kvibru og Kvina. Foto frå Sirdølen nettavis.
Foto: Oddvar Tjomlid
Dette må vera den flottaste brua i heile Turistforeningas løypenett i Noreg.
Foto: Reidar Tveito

Dette er bilbrua som aldri vart knytta til nokon veg, og truleg heller aldri vil bli det. Brua går over elva Kvina, mellom Bygland og Sirdal kommune og mellom Aust- og Vest-Agder fylke, og ho var planlagd som ein del av den såkalla riksveg 10, ein indre gjennomgangsveg mellom aust og vest. Andre brunamn er Kvina bru og Kvinen bru.

Gamle vegplanar

Riksveg 10 er eit døme på dei mange planar ein har hatt, og som det ikkje vart noko av. Så langt tilbake som i 1890-åra var ein i gong med planlegging av denne vegen, som var tenkt å gå frå Tjørhom i Sirdal til Langeid i Setesdal. Ein var så sikker på at denne vegen vart bygd, at Kristiansand og Opplands Turistforening (DNT Sør) sette opp ei av sine fyrste turisthytter midtveges, ved Gaukheivatnet. I den tid var turistforeninga pådrivar for å få bygd denne og andre vegar inn i fjellheimen. Dette var før bilens tid, så Gaukhei turisthytte var meint for overnatting på den lange vegen over heia.

Anlegget av Kvibru

Dei mange sauedriftene i heia hadde vanskar med å kryssa Kvina, difor starta ein anlegget av vegen med å bygga denne brua over Kvina. Dette skjedde i åra 1923-24, der vegvesenet var byggherre. Torjus Tjørhom var bas på anlegget, og han hadde med seg 4 mann. Dette er ei kvelvbru sett opp av tilhoggen stein som er teken ut like ved. Arbeidet vart godt utførd, men nåtidas bilar er vel i breiaste laget for denne brua om det skulle koma veg hit. Men for sauedrifter, turfolk og andre har brua i alle år vore god å ha. Etter at Kvivatnet (Kvifjorden) vart regulera, hender det at vassflata står like under kvelvingen ved maksimal vasshøgde.

Pussa støv av gamle planar

I krigsåra 1940-45 sette okkupasjonsmakta på nytt i gong med riksveg 10 frå båe sider. Eit etter dåtida svært anlegg vart sett i sving ved Langeid. Ein nytta ein trallebane opp den bratte lia mot Simdalen og gjorde ferdig fleire av svingane på vegen. Vidare innover heia vart det bygd bru over Logna og mellombels veg fram til Tjønndalen og Stakkedalen. Her inne var det også sett opp fleire anleggsbrakker for å hysa dei mange anleggsfolka, som gjerne var krigsfangar. På sirdalssida kom det opp anleggsbrakker ved Haugevassåni og Mjåvasstøl.

Men om dette anlegget vart fullførd, så var planen å setja opp ei ny bru ved Kvinen, litt lenger nord. Kvibrua var for smal allereie då. Etter krigen heldt arbeidet fram på sirdalssida heilt til 1954. Då vart skjeringa ved Donsen utskoten, men lenger kom ikkje vegen her. På langeidsida vart det bygd ein skogsbilveg av god standard opp til Simdalen i seinare år. Men nokon bilveg over heia i dette området er framleis i det uvisse. Etter at Suleskarvegen kom, vart det meir ynskje om veg mellom Bygland og Åseral i staden.

Turveg

DNT Sør har i dag fleire hytter i denne delen av heia, med eit nett av turløyper. Om ein fylgjer turvegen Donsen-Kvinen-Josephsbu-Gaukhei-Tjønndalen-Langeid, så kan ein meir eller mindre gå gjennom det området der riksveg 10 så lenge var planlagt.

Kjelder

Eksterne kjelder

Sjå også

Kart

Laster kart...